Bok

Ta vare på flokken din

Publisert

Det vårast i landet, men nettene er lange for oss som har sauer å sjå etter. Timane går seint og stilt, medan ein ventar på dei få sekunda som skil liv og død for eit nyfødd lam. Luftvegane må opnast, og hjartet skal slå. Sleiker søya lammet sitt, kan ein gå i hus. Alt har gått vel.

Nattevaktene gjev rikeleg høve til å observere det fine samspelet mellom sauene. I den siste biletboka til Anna Folkestad møter vi ein saueflokk som ikkje er fullt så mykje å skryte av. Albert, Ullbert og Ronny stenger vesle Ulla ute frå flokken. Heldigvis får dei som fortent når bjørnen kjem etter dei mot slutten av historia.

Forteljinga til Folkestad ligg langt unna verkelege fjøs og flokkar. Historia er bygd opp kring eit klart og raskt attkjenneleg mønster som skaper rytme og struktur, forventning og framdrift. Ulla samlar sin eigen flokk. Dyr for dyr, side for side: ein bever, ein røyskatt, ein elg og ein kanin. Med frisk fargepalett, fornøyelege figurar og artige detaljar boltrar Anna Folkestad seg i det største formatet så langt i forfattarskapen. Reint estetisk er boka verkeleg fin.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement