Bok
Sysken på gudlaus jord
Leine har skrive ein original roman om overgrep og manipulasjon.
Kim Leine er ein kløppar på detaljar, særleg av det fråstøytande slaget.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Det normale er ein relativ storleik definert av ytterpunkt som det sjølv aldri er del av, nyttig i statistikken, og tidt gagnlaust i røynda. I den nye romanen sin, Dansk Standard, skriv Kim Leine om ein mann som i byrjinga kallar seg E, som arbeider i direktoratet, eller kva det no er, som heiter Dansk Standard. E er ein så middels mann at han, i alle høve for denne lesaren, tykkjest tett på å representera noko paradoksalt, nemleg det ekstremt gjennomsnittlege. Dette litterære grepet verkar konstruert og øydeleggjande, og ein ser med gru fram til å lesa 288 sider tekst om eit slikt emne, men Leine må ha kvidd seg like mykje til å skriva 288 sider tekst med dette som mål, for det standardiserte kverv snart for noko som er meir liv laga i litteraturen.
Vekkjer dei døde
E er ikkje einaste hovudperson i boka, han fører ordet i annakvart kapittel, medan syster hans, som er lege av profesjon og sjølvskadar av legning, tek seg av dei andre. Ho er glad i jobben sin, og finn stor glede i kaos og ulukker.
Dei to kjem kvar for seg i kontakt med folk som høyrer til ei religiøs gruppe som i påstått løynd driv med noko dei kallar Prosjekt Lasarus, der føremålet er å vekkja dei døde til live att. I alle høve somme døde. Diverre ser det ut til at den beste kandidaten er ein mann som forgreip seg på E og syster hans gjennom store delar av oppveksten, og som no berre finst som skurk i dei vonde draumane til E, ein skurk som E vanlegvis tek livet av, om enn til fånyttes.
Det skjer mykje merkeleg i denne romanen, og trass i at somme sekvensar vert presenterte som draumar, er det lite som tyder på at resten går føre seg i vaken tilstand, og sjølv om Leine er ein kløppar på detaljar, særleg av det fråstøytande slaget, og skildrar små menneske i kamp mot veldige krefter, slik at lesaren lett kan kjenna seg att i det mentale landskapet, minner teksten meir om ein film av David Lynch enn ein dokumentar av David Attenborough. Men det er sjølvsagt heilt i orden.
Overgrep
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.