Bok
Syndefall frå låg høgd
Pornografi er ein gåtefull roman om mentalt maktspel.
Witold Gombrowicz (1904–69) skreiv fem romanar, fire skodespel og ei novellesamling.
Foto: Flamme Forlag
Når ein får fatt i ein roman med ein så lovande tittel som Pornografi, går ein sjølvsagt til lesinga med høge forventningar, men samstundes med eit atterhald. Det røynde mennesket er berre røynt av di han eller ho har vorte snytt før. Har ein i tillegg kjennskap til Witold Gombrowicz (1904–1969), får ein fort ein lei mistanke om at pornografien i denne boka er av ein annan karakter enn slikt som elles kjem inn under omgrepet. Då kan ein gleda seg over å ha mistenkt rett, for Gombrowicz er seg sjølv lik også i denne romanen, frå 1960, men med handlinga lagt til 1943.
Maktspel
Me er i Polen, det er krig, utan at ein ser så mykje til det, og dei intellektuelle svirebrørne Witold og Fryderyk får ein sjanse til å reisa frå Warszawa og til godseigaren Hippolyt S. i Sandomierz. Der vert dei innlemma i godseigarfamilien og kjem snart på noko å få tida til å gå med, nemleg å kopla godseigardottera Henia med ungguten Karol.
Kvifor dette er så viktig, forstår ein ikkje med det same, men litt etter litt får ein ei kjensle at det er eit slags maktspel som går føre seg, på ein slu og indirekte måte. Fryderyk er pådrivaren her, ikkje minst inspirert av at Henia er trulova med ein ung jurist, Waclaw. Witold deler tankane sine med lesaren, og dei tyder på at han ikkje er avstumpa av for mange sterke sanselege stimuli, det skal lite til før han kjem i egse, så lite at lesaren stundom lurer på om han har gått glipp av noko. Men Witold er elles slik på alle måtar, han merker seg ikkje berre det andre seier og gjer, men med intens merksemd også det dei ikkje seier eller gjer, og det er dette siste som får prioritet i tankane hans.
Mykje tyder på at Fryderyk er av same slag, og Waclaw ligg ikkje langt etter. Hendingane står litt stille, men vert friska opp av eit uventa drap, og seinare ved planlegginga av eit anna, då godseigaren har fått ein vankelmodig motstandsmann på nakken, ein viss Siemian. Godseigaren ser seg forplikta til å likvidera Siemian, denne veit at nokon står han etter livet, og utarbeidinga av planer både her og når Fryderyk pønskar ut nye triks for å driva Karol og Henia saman, og Waclaw til vanvit, minner om slikt Bertie Wooster hjå Wodehouse kunne ha funne på, det er berre meir subtilt og mindre komisk hjå Gombrowicz.
Gåtefullt
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.