Syndar i sommarsol 🎧
Voksne mennesker viser kor hjelpelaust barnslege vaksne er.
Marie Aubert debuterte med ei novellesamling i 2016.
Foto: Agnete Brun
Lytt til artikkelen:
Roman
Marie
Aubert:
Voksne mennesker
Oktober
Eg er i ein spansk liten by medan eg les Marie Auberts første roman. Sambuaren min og eg flirer litt idet det går ein liten norsk familie forbi oss. Foreldra er ueinige om kvar dei skal gå for å ete middag, og snakkar nedlatande til kvarandre. Den vesle sonen deira ser livstrøytt ut der han diltar etter.
For få år sidan var dette paret truleg akkurat som vi, harmoniske og sikre på at viss vi ein gong får barn, blir vi ikkje slike foreldre. Men så er det vel ikkje så lett likevel, å måtte ta rolla som den vaksne, heile tida, i tillegg til å prøve å lage ein velfungerande familie som held saman i tjukt og tynt.
Hyttekos
Heile romanen går føre seg i løpet av ein hyttetur. Eg-personen er 40 år gamle Ida, som i byrjinga av boka er på veg for å treffe søstera Marthe, mannen hennar Kristoffer og dottera hans Olea. Mora til jentene og sambuaren hennar skal kome etter, og dei skal feire bursdagen til mora med reker og vin.
Det er forholdet mellom søstrene boka krinsar rundt, i tillegg til spørsmålet om å få barn. Ida er storesøstera som alltid har vore sjølvstendig og flink, ei som ikkje treng å bli passa så mykje på. Veslesøstera Marthe er kronisk sjuk og har derfor, naturlegvis, fått meir omsorg enn Ida, men rollene som stødige Ida og stakkarslege Marthe er urokkelege sjølv i vaksen alder.
Akkurat no er jentene midt oppi avgjerande tider. Marthe har endeleg lukkast med å bli gravid, Ida har planar om å fryse ned egg for eventuelt å kunne få familie om nokre år, dersom ho finn mannen i sitt liv i tide. Dynamikken blir her som vanleg: Marthes gravide sukk og stønn får så mykje merksemd at Ida knapt orkar å fortelje kva ho går gjennom.
Frå idyll til mareritt
I byrjinga av romanen får vi mest sympati med Ida, men så viser ho seg å vere reint ufyseleg. Først kjem dette berre til uttrykk i tankane hennar, og mange av dei er svært gjenkjennelege. Alt dei første setningane er treffande og komiske: «Andres barn, alltid, overalt. Det er verst på buss, når jeg ikke slipper unna.» Men så er det som om det skjer noko med henne på hytteturen, alt det låke ho har samla opp inne i seg, veltar ut på ein gong, og misunning blir til forakt som igjen blir til stygge handlingar.
Eg er veldig begeistra for novellene i Marie Auberts debutbok frå 2016, og eg likar romanen minst like godt. Forfattaren har eit lett og leikande språk som er rikt på velskrivne realistiske dialogar. Det er nok nettopp det som gjer at teksten òg er skrekkeleg ubehageleg å lese, vi hoppar og sprett frå ugjerning til ugjerning.
Popgruppa Postgirobygget er hyppig nemnd, og eg trur faktisk at alle i familien oppriktig ser for seg at hytteturen skal vere full av den typen idyll som er skildra i songane. Gjestane som kjem etter dei, vil nok tru at det var nettopp slik opphaldet var: Marthe skriv ei hjarteskjerande hyttebokhelsing der ho takkar for fine dagar og glattar fint og godt over all dramatikken som har oppstått. Det er ikkje nødvendigvis så avansert gjort, men jøye meg så imponerande effektivt og elegant.
Katrine Judit Urke
Katrine Judit Urke er bibliotekar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Forfattaren har eit lett og leikande språk som er rikt på velskrivne realistiske dialogar.
Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.