Bok
Synd og sæle
Å vilje dytte for mykje inn i éi bok er ein kjend veikskap ved skjønnlitterære debutar.
Sylfest Lomheim har debutert som romanforfattar.
Foto: Kolofon Forlag
Tidlegare direktør for Språkrådet, professor og programmedarbeidar i NRK – Sylfest Lomheim er kjend for dei aller fleste. Etter ei rekkje sakprosautgivingar prøver han seg no som romanforfattar, sjølvpublisert på forlaget Kolofon.
Med det bibelske førelegget om kong David som blir freista til å gi etter for kjønnslege drifter ved synet av den vakre Batseba, serverer Lomheim oss ei soge om ein psykiater med eit heller utsvevande kjærleiksliv. At hovudpersonen er ein syndar også på fleire område, går gradvis opp for lesaren. Her må kome eit fall.
Boka har undertittelen «Ein intertekstuell roman». Gjennomgåande for boka er at dette intertekstuelle trugar med å få overtaket og svekke romanprosjektet.
Den sekstiårige Samuel Ølnes frå Sogn er busett i Oslo. Bestevenen Harald er lektor. I opninga av boka og seinare, når det røyner på for Samuel, møtest desse to i samtaler over nokre glas på diverse etablissement rundt om i Oslo, lett filosoferande og kunnskapsbriljerande på kvart sitt område. Lokalkoloritten er tydeleg og presis, faktaopplysningane vi får på kjøpet, er i overkant mange.
Mord og kjærleik
Ganske snart kjem jødiske Hannah inn i livet til Samuel. Dei dyrkar kjærleiken heime i Oslo, men også på ei reise til Samuels heimtrakter og i Paris. Møta mellom desse to er skildra med venleik og varme. Samstundes med at forholdet til Hannah blomstrar, har psykiateren fleire seksuelle møte med ein ung pasient. Han refsar seg sjølv, men er samstundes ikkje så lite stolt over at han, sekstiåringen, har forført ei fleire tiår yngre kvinne. Eller er det kan hende ho som har forført han? Såpass bryr vi oss om personane etter kvart, at sviket mot Hannah gjer vondt å lese om. Utruskapen står hellet ikkje i stil med inntrykket vi elles får av Samuel. Han og Hannah står fram som sympatiske og veltilpassa personar, og det står difor ikkje heilt til truande når det lenger ut i boka kjem fram svært mykje mørkare sider ved dei båe. Dramatikken blir litt utanpå, og karakterane ikkje heilt konsistente.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.