JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Sylv og svik

Maren Uthaug viser seg som ein sikker forfattar alt i debuten.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Maren Uthaug er forfattar, teikneserieskapar og bloggar.

Foto: Thomas A

3507
20220408
3507
20220408

Roman

Maren Uthaug:

Og sånn blei det

Omsett av Ingvild Holvik
Samlaget

Dansk-norske Maren Uthaug har fått mykje åtgaum for to andre bøker som har kome på nynorsk dei siste åra. Den nye av året, Og sånn blei det, er debutboka frå 2013 og skal visstnok vere sjølvbiografisk. Som Risten/Kirsten i romanen har Uthaug ein blanda bakgrunn som mellom anna er samisk.

Dette er ei oppvekstforteljing utan filter: rå og ­imponerande. Alt i debuten syner forfattaren seg som ein sikker og uredd skrivar. Dette er ei soge om omsorgssvikt, men fullstendig usentimental, ikkje minst på grunn av dei kløktige innslaga av ramsalt, svart humor.

Når mor spyttar på far

Risten kjem til verda i ei samisk bygd midt på 1970-talet. Dette miljøet var idémessig fastklemt mellom gamal samisk tru og overtru og dei skikkane som høyrde til, og den mest intolerante kristendommen sterkt inspirert av læstadianismen. Mor til Risten er opprørske, samiske Rhitta, far er norske Knut. Knut kjenner lidenskap for dei «intense» samiske kvinnene, kanskje fordi dette er eigenskapar han sjølv vantar.

Tvers gjennom denne soga er han ein heller unnvikande og diffus figur. Knut og Rhitta held saman nokre år, i eit ekteskap som ikkje akkurat er ein dans på roser (eller meir passande i denne konteksten: myrull). Rhittas intensitet grensar mot det brutale, men seinare skal det syne seg at heller ikkje Knut har heilt reint mjøl i posen.

Ingen av foreldra tar seg særleg av vesle Risten. Det blir Àhkku, bestemora som har både kvenske og samiske røter, som blir den tryggaste omsorgspersonen. Denne omsorga har likevel ei kritisk slagside. Àhkku er særs overtruisk og skremmer barnebarnet ganske grundig: Nordlyset er livsfarleg, og dei underjordiske kan når som helst kome og ta ein. Difor må ein alltid bere sylv. Bestemora utstyrer jentungen med sylvsmykke. Berre med dei på armen og hengande over senga tør Risten å sove.

Brot og barn

Ristens livssoge blir full av brå endringar og brot. Som sjuåring får livet i Finnmark ein plutseleg og uforståeleg slutt då ho flyttar med far sin til Danmark. Her får ho ei stemor som er nokså parodisk framstilt, naiv og velmeinande, og ein total kontrast til Ristens meir «ville» samiske mor.

Men heller ikkje den milde dankvinna er i stand til å gi jentungen den omsuta ho sårt treng, og overser totalt alt Risten ber på inne i seg av arv og førestillingar frå det opphavlege miljøet hennar. Det blir nærast fatalt for Risten når sylvsmykka blir tatt frå henne. Ho må også skifte namn, kan ikkje snakke språket, særleg r-ane er umoglege, og ho sluttar rett og slett å seie ord med r. Resultatet er, ikkje uventa, sterk angst og mistilpassing, gjennom heile oppveksten. Redninga kjem i form av ein vietnamesisk båtflyktning, som Risten/Kirsten seinare får barn med.

Mot slutten bit historia seg sjølv i halen: Risten reiser tilbake til Finnmark som vaksen, etter mange år, for å finne ut av røtene sine.

Romanen er godt komponert, språkleg sikker og beint fram, og boka er spennande til siste slutt. Kanskje med unnatak av dei siste få kapitla; opprullinga av mysteriet med Ristens eigentlege opphav heilt til slutt er noko summarisk. Jamt over er Og sånn blei det ei så medrivande forteljing at ein kjenner at ein berre lese meir av denne forfattaren, om ein ikkje alt har gjort det.

Hilde Vesaas

Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Romanen er godt komponert, språkleg sikker og beint fram.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis