Svik mot stupet
Ungdomsroman
Bjørn Ingvaldsen:
Nattskift i Nekropolis
Gyldendal
Å ha skilde foreldre er også utgangspunktet i den nye ungdomsromanen til Bjørn Ingvaldsen, men Max har dårlegare kort på hand enn Rikka ovanfor. Med motsett forteikn syner denne forteljinga korleis foreldra, som verken lyttar eller tilpassar seg, skubbar guten utfor stupet.
Forteljarperspektivet ligg lojalt hjå Max. Likevel er det stort nok tolkingsrom i teksten til at lesaren får auge på det Max ikkje vil sjå: Mor er alkoholikar, og karrieren som arkeolog og forskar blir det aldri noko av. Far er ein feiging.
Med korte setningar og i enkel grammatikk fortel Max om dagane sine, om det han høyrer, ser og opplever. Det alminnelege blandar seg med det alvorlege, utan at det vert markert med særlege verkemiddel eller dramaturgiske grep. Nattskift i Nekropolis er ei lågmælt og gripande historie der mange små svik endar i ein stor katastrofe.
Draginga mot døden er eit dystert motiv, men skjønnlitterære handsamingar av sjølvmordet er i tida. For eit par år sidan gjekk romanen og TV-serien 13 gode grunner som ein farsott gjennom landet. Korleis skal vi forstå denne populariteten? Forskinga fortel at éin av tre norske ungdommar har tankar om å ta livet av seg. Hjå unge menn er sjølvmord den vanlegaste dødsårsaka. At det vonde temaet syner att i litteraturen, er slik det må vere.
Janne Karin Støylen
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Ungdomsroman
Bjørn Ingvaldsen:
Nattskift i Nekropolis
Gyldendal
Å ha skilde foreldre er også utgangspunktet i den nye ungdomsromanen til Bjørn Ingvaldsen, men Max har dårlegare kort på hand enn Rikka ovanfor. Med motsett forteikn syner denne forteljinga korleis foreldra, som verken lyttar eller tilpassar seg, skubbar guten utfor stupet.
Forteljarperspektivet ligg lojalt hjå Max. Likevel er det stort nok tolkingsrom i teksten til at lesaren får auge på det Max ikkje vil sjå: Mor er alkoholikar, og karrieren som arkeolog og forskar blir det aldri noko av. Far er ein feiging.
Med korte setningar og i enkel grammatikk fortel Max om dagane sine, om det han høyrer, ser og opplever. Det alminnelege blandar seg med det alvorlege, utan at det vert markert med særlege verkemiddel eller dramaturgiske grep. Nattskift i Nekropolis er ei lågmælt og gripande historie der mange små svik endar i ein stor katastrofe.
Draginga mot døden er eit dystert motiv, men skjønnlitterære handsamingar av sjølvmordet er i tida. For eit par år sidan gjekk romanen og TV-serien 13 gode grunner som ein farsott gjennom landet. Korleis skal vi forstå denne populariteten? Forskinga fortel at éin av tre norske ungdommar har tankar om å ta livet av seg. Hjå unge menn er sjølvmord den vanlegaste dødsårsaka. At det vonde temaet syner att i litteraturen, er slik det må vere.
Janne Karin Støylen
Fleire artiklar
Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.
Foto: Frederik Ringnes / NTB
Husforsikring i hardt vêr
Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?
Folkerørsla for lokalsjukehusa demonstrerer mot helseføretakmodellen utanfor Stortinget i 2017.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Vestre må avslutte konflikter og beklage
«Svært mange av de 300.000 som jobber i Helse-
vesenet, merker daglig følgene av Helseforetaks-
modellen som nå videreføres av Ap og Sp.»
Teikning: May Linn Clement
Tid for realitetsorientering
Valet av Donald Trump til president er ikkje noka tilfeldig ulukke, men ei fylgje av dårleg politisk handverk gjennom lang tid.
Ruslan Gorovij sender pengane han tener som artist, heim til Kyiv, der vener kjøper vedlass til ukrainarar som treng varme i vinter.
Foto: Ukrainian online sales
Eit nytt lovframlegg som legg opp til at det skal bli straffbart å selje ulovleg hogd skog, vil ikkje minst råke folk i øydelagde hus.
James Rebanks på Lillehammer sist veke.
Foto: Morten A. Strøksnes
Ein mann for alle årstider
LILLEHAMMER: Etter å ha skrive to svært populære bøker om landbruk og sauehald hamna James Rebanks i ei krise som førte han til eit dunvær på Helgeland.