Svekt av internasjonalisering
Nytt Norsk Tidsskrift er 40 år. 40 år er lang tid. Attersynet med første årgang er eit møte med ei svunnen tid som byr på tung nostalgi.
Nytt Norsk Tidsskrift er 40 år i år. Til venstre utgåve nummer fire frå 1989.
Tidsskrift
Fleire redaktørar:
Nytt Norsk Tidsskrift
Universitetsforlaget
I 1984 var det ikkje så lenge sidan 1948, då George Orwell gav ut framtidsdystopien 1984, eit årstal spikra i medvitet til alle som gjorde krav på å vera intellektuelle i dei dagar. Og lanseringa av tidsskriftet er lettast å forstå med 1984 in mente.
Det programmatiske utgangspunktet for Nytt Norsk Tidsskrift (NNT), slik redaksjonskollegiet Francis Sejersted, Hans Skjervheim, Rune Slagstad og Øyvind Østerud legg det fram våren 1984, er at «Den argumenterende og innsiktsgivende samfunnsdebatt står i norsk sammenheng i fare for å bli klemt inne mellom medie-slagsmålene og den indignerte moralisering» som gjev «liten innsikt i at konsekvenser ofte er stikk i strid med de beste hensikter. Trosmoralismen er kanskje den alvorligste trussel mot et opplyst og sivilisert debattklima i Norge».
Det NNT lukkast med, var å få dei etablerte forskarane til å skriva om saker som var av interesse for dei utanfor akademia, på ein måte dei forstod. Formatet var ei blanding av artiklar, bokmeldingar og debattinnlegg. Jon Elster, Gudmund Hernes, Marianne Gullestad, Johan P. Olsen, Nina Karin Monsen, Jens Arup Seip, Helga Hernes og Hans Skjervheim skreiv artiklar utan fotnotar – som difor ikkje kan brukast som litteratur i innleveringsoppgåver. Det var også plass til stuttare arbeid i kronikkform og debattinnlegg.
Offentleg ordskifte
Dei første 25 åra til tidsskriftet var vellukka. Redaktørkollegiet fekk «store» namn til å skriva for seg i den mon at påtroppande redaktør Cathrine Holst i programfråsegna si orsakar at ho har teke på seg rolla: «Jeg synes det er en helt anstendig sak å redigere et organ for ’eliten’. Tidsskrifter som NNT er ikke en trussel mot demokratiet, men […] – om de fungerer som de skal – en del av det».
For, som ho seier, det finst ordskifte som ikkje kan følgjast utan førkunnskapar. Hennar mål er at NNT skal vera ein offentlegdom for ein slik diskusjon.
Der grunnleggjarane ottast forvitring av det offentlege ordskiftet i kunnskapsløyse og sinnelagsetikk, ottast Holst ekskludering av ålmenta. Der Slagstad i god opplysingsånd meinte at kunnskap gjer ordskiftet sakleg, og løfta det opp på det prinsipielle planet, er Holst på kanten til å gå god for den populistiske kritikken av kunnskapens autoritet som antidemokratisk.
14 år etter er det berre å slå fast at kunnskap ikkje er naudsynt i ei verd av kunstig intelligens, og at sosiale medium har demokratisert det offentlege ordskiftet ad absurdum. I påverkaren har kjendiseri og trusmoralisme gått opp i ei høgare eining. Og populistane, om dei er identitets-, velferds-, innvandrings-, digitaliserings- eller miljøpopulistar, har lagt lokk på alle ikkje-enkle debattar.
Unik møteplass
Ulikt i 1984 kan no ei røyndomsskildring, sakkunnskap, i seg sjølv vera krenkande, anten fordi ungdomen ikkje toler høyra om vonde ting, eller fordi nokon er usamde med observasjonar. Og post-truth er blitt ein legitim post postmoderne ståstad. Og 1984 er røyndom fordi teknologien har demokratisert meiningsproduksjonen.
Programfråsegna til den nye redaktøren Hilde Reinertsen i 2023 saknar både Slagstads dystopi og Holsts angst for elitisme. Redaktøren er tvisynt i høve til oppdraget: «Nytt Norsk Tidsskrift er utvilsomt en tradisjonsrik publikasjon innen norsk forskning og norsk offentlighet. Det er nettopp denne skjæringsflaten, den utadvendte ambisjonen om å være en møteplass på tvers av vitenskap, kultur og politikk, som gjør det så givende for undertegnede å ta fatt på redaktørarbeidet. Denne møteplassen er ganske unik, men det er ikke gitt at den er livlig.»
Det motsette av livleg er keisam. Vitskaplege ordskifte treng ikkje vera det. Og med det in mente er det nye NNT interessant nok, sjølv om det også er blitt «vitskapleg» med teljekantar og fagfellevurderte artiklar med fire forfattarar. Nokre artiklar er utan slik staffasje, mellom andre skrivne av seniorjuristar.
Eit framsteg
Inntoget av juristar i NNT er eit framsteg. Det er også temaseksjonen av «ikkje-vitskaplege» artiklar og faglege ordskifte. Kan henda den mest leseverdige artikkelen i 2024 er essayet til Christian K. Melby om «Ingrid Winters akademiske reise inn i dypet», som tek for seg fiksjonslitterære skildringar av akademia – og gjer det på ein måte alle som arbeider eller har arbeidd i den akademiske vingarden, vil kjenna seg att i, ikkje minst når det gjeld den ålmenne motviljen fast tilsette har mot å ha noko med studentar å gjera.
Nett dette essayet viser at NNT har ei rolle i skjeringspunktet mellom akademia og den samfunnsinteresserte og -aktive borgaren. Kravet til internasjonalisering har ført til at norsk vitskapleg språk er under avvikling. Det meste av det som vert publisert internasjonalt, har like evig verdi som gårsdagens papiravis.
NNT er det forumet for «argumenterende analyse på tvers av de tradisjonelle politiske og vitenskapelige båsene» og for å «diskutere forholdet [...] mellom den gode hensikt og de faktiske virkninger» (nr. 1/1984) som redaktørane ville skapa – fordi det der vert publisert artiklar på norsk som handlar om interessante fenomen, vitskapleg på ein forståeleg måte. Oppdelinga i vitskaplege og ikkje-vitskaplege artiklar får vi leva med så lenge. Når premieringsordninga no er oppheva, er det von om at norskfødde forskarar i framtida får lov til å skriva på morsmålet. I den grad dei har lært det i skulen.
Det er tvilsamt om ein artikkel i NNT i dag vil skapa kontrovers. Til det er norsk samfunnsforsking for solid venstreliberal. Slik speglar tidsskriftet norsk akademia. På den eine sida har NNT lukkast i å vera ein møteplass for ordskifte – mellom folk som er samde med kvarandre. Det er ingen kommunistar att og knapt nokon kulturkonservative.
Nytt Norsk Tidsskrift lukkast ikkje lenger i forsettet sitt. Etter 40 år er det knapt nokon kontroversiell akademisk offentlegdom att. Men det er akademias kollektive skuld, ikkje tidsskriftet si skuld.
Pål H. Bakka
Pål H. Bakka er statsvitar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er tvilsamt om ein artikkel i Nytt Norsk Tidsskrift i dag vil skapa kontrovers.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.