Sveins bibel
Det er ikkje ei enkel oppgåve Svein Tindberg har teke på seg.
Svein Tindberg har skrive og nytolka bibelforteljingar for born.
Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix
BIBELFORTELJING
Svein Tindberg:
Bibelforteljingar for barn
J.M. Stenersens forlag
På 90-talet hadde Tindberg stor suksess med å fortelje Markusevangeliet frå scena. Tindberg kom til tru på Jesus gjennom arbeidet med Markus. Når du skal lære deg mykje tekst, må du freiste å lage deg bilete i hovudet, slik at du enklare kan hugse. Etter å ha lese Bibelforteljingar for barn kan eg godt sjå føre meg korleis Tindberg har arbeidd. Han strålar ut ei stor glede over å fortelje, og han legg ikkje band på seg. Dei mest kjende tekstane er der, i botnen – somme forteljingar nesten ukjennelege, andre godt kjennelege. Vi får til dømes høyre meir om gjetarguten Ariel i byrjinga av Det nye testamentet enn om Jesusbarnet. Tindberg nærmar seg vanskelege bibelske tema, som sjalusi, svik og misunning, for å betre forklare borna kvifor dei ulike karakterane handlar som dei gjer. Han skriv nye tekstar for å trekkje fram poeng i tekstane som han meiner vi bør snakke meir med borna om.
Stor fridom
Eg meiner det er uproblematisk at Tindberg har gjeve seg sjølv stor fridom når han no fortel utvalde bibelforteljingar nett som han vil. Det er eigentleg rart ingen har tenkt på det før. Han held seg ikkje til det som står i Bibelen, og lèt fantasien ta han dit han vil. Men eg veit litt om dei kristne foreldra som kunne ha kjøpt denne boka. Det er ikkje sikkert at dei vil setje pris på denne kunstnarlege fridomen. Omsetjing frå gresk og hebraisk, så tru som mogleg, er eit puristisk ideal. Ein truande trur teksten er inspirert av Gud sjølv; for ein kristen har Bibelen autoritet. Tillegg er skummelt, uansett motiv. Sjølv om eg trur at born i kristne familiar ville hatt godt av denne boka, trur eg ikkje foreldra ville lese frå henne. Det er synd om eg skulle ha rett.
Ny versjon
For i fleire av tekstane er Tindberg meir enn ein forteljar. Han opptrer som tolkande teolog og predikant: Han legg ut vanskelege tekstar på måtar som eg trur borna ville hatt godt av. Han omset dei ti boda, etter fyrst å ha gjeve att den autoritative omsetjinga. Den nye versjonen er ikkje berre enkel å forstå – han er god. I samband med den store syndeflaumen som utslettar alt liv (Noahs ark), har han ein faktaboks der han reflekterer godt over at Gud ikkje alltid har rett og at Gud kan vere vanskeleg å forstå. Desse faktaboksane undervegs i teksten fungerer som gode utgangspunkt for samtalar med born. Eg saknar somme av dei vanskelegaste tekstane, som teksten der Abraham får beskjed om å ofre son sin, Isak. Eg trur Tindberg kunne fått noko ut av denne òg.
Boka kjem med 16 heilt nye songar – melodiar av sonen Peter Tindberg – og to skodespel for barn. Ho er illustrert av sonen Magnus Tindberg. Eg fekk ikkje testa ut songane, men illustrasjonane er flotte. Dei utfyller tekstane og er heilt på høgde med det beste som finst i andre biblar for born.
Eskil Skjeldal
Eskil Skjeldal er teolog, forfattar
og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Svein Tindberg
opptrer som tolkande teolog og predikant.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Historieforvanskingar
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.