JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Svarar ikkje på oppgåva

Hjemlandet er ei sterk, men sprikande tekstsamling redigert av Geir Gulliksen og kronprinsesse Mette-Marit.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Forfattar og redaktør Geir Gulliksen saman med kronprinsesse Mette-Marit då dei lanserte forteljingane tysdag denne veka.

Foto: Lise Åserud

3934
20190906
3934
20190906

Noveller / essay / dikt

H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit og Geir Gulliksen (red.):

Hjemlandet og andre fortellinger

Aschehoug

Antologien Hjemlandet og andre fortellinger kjem ut i samband med at Noreg er hovudland på bokmessa i Frankfurt no i oktober. Kronprinsesse Mette-Marit og redaktør og forfattar Geir Gulliksen har blitt inviterte av Aschehoug til å lage ei samling tekstar om kva det vil seie å vere norsk i dag, skrivne av tolv kjende norske forfattarar.

Men vi får knapt noko svar på «oppgåva». Dei skriv godt, men rører seg meir i det lokale enn det nasjonale, og skriv om familieliv og barndom på plassar spreidde rundt i landet. Tekstane har eit stort spenn i stil, sjanger og tema, er velskrivne og aktuelle. Men kvifor dei står i ei samling som har det norske som tema, er ikkje godt å forstå.

Vi er alle konsumentar

Dei som i størst grad tematiserer det formulerte oppdraget, er Dag Solstad, Siri Hustvedt og Demian Vitanza. To av dei har ein slik bakgrunn at dei kan sjå det norske med eit klargjerande distansert blikk. Den tredje er kanskje den av Noregs nolevande forfattarar som har bora mest i kva det norske er. Alle tre leverer leseverdige bidrag.

Solstad har fått siste ord i antologien og kjem med heller pessimistiske tankar om kvar vi er på veg som folk og som språksamfunn. Både det norske språket og den sosialdemokratiske ånda står for fall, meiner han. Han skriv med alvor, men ikkje utan humor, som når han fortel om korleis han slår over til svensk i tale med svenskar – også heime i Noreg. Unge svenske gjestearbeidarar tilpassar seg ikkje, dei held på svensken som det naturlegaste i verda, sjølv i ein heller underordna posisjon. Så djupt stikk den gamle kjensla av å vere underlegen for ein nordmann. Kanskje er det at vi så lett gjer knefall for andre språk, noko av grunnen til at norsken er så utsett. Essayet er eit varsko: Mister vi språket, mister vi oss sjølve.

Hustvedt skriv som vanleg velformulert og skarpt, og det er interessant å lese hennar og Solstads observasjonar om språk og identitet opp mot kvarandre. Hustvedt fortel om forfedrane som utvandra frå Noreg til Minnesota. Særleg blir vi kjende med farmora. Denne kvinna enda som ei fattig bondekone på prærien og lærte aldri skikkeleg engelsk. Hustvedt har delt livet sitt med ein mann som har ein annan kulturbakgrunn med andre uttrykksmåtar. Norskamerikanaren meiner å finne at det eksisterer ei særnorsk skamkjensle som heng saman med manglande evne eller vilje til å setje ord på det som er konfliktfylt og vanskeleg.

Demian Vitanzas novelle kan lesast som ein protest mot heile prosjektet. Han skriv om den dagen kong Harald er død. Kronprinsen er blitt konge, men kjenner eit kvalmande ubehag overfor oppgåva, og folket han skal regjere over. Teksten er ein beisk kritikk av eit folk utan substans og eit kongehus utan relevans.

Shetoo

To av tekstane eg likte best, handlar om kvinnesak og er milevidt frå nokon nasjonal tematikk. Agnes Ravatn er uhyggeleg og mørk i si metoohistorie. Vi får servert innsida av ein tvers gjennom falsk mann som forfører tenåringsdottera til det veneparet han og kona har på middagsbesøk. Wencke Mühleisen
set heile metoo på hovudet og skriv om ei eldre universitetstilsett kvinne som sjekkar opp ein ung student. Det er friskt og nytt.

Om ein ser på tekststykka kvar for seg, er det ingen grunn til å harselere over utgivinga, dei aller fleste er gode. Men at dei står i ei samling som skal tematisere det norske, blir eit dumt salstriks.

Dialogen mellom dei to redaktørane som utgjer innleiinga til boka, er eit forsøk på å fundere tematikken som ikkje lukkast. Den stive og kunstige teksten blir den svakaste i boka.

Hilde Vesaas

Hilde Vesaas er lektor, forfattar og fast skribent for Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Solstad skriv med alvor,
men ikkje
utan humor.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis