Bok
Strategi i livsens straum
Hildring skildrar folk og bygd i ei brytningstid.
Hulda Garborg skreiv fleire romanar.
Foto: Solum / Bokvennen
Hildring (utgjeven i 1931) tar utgangspunkt i eit tradisjonsbunde bondesamfunn. Ein meir enn anar trådane attende til norrøn tid, der ætta var avgjerande. Nye tider krev nye strategiar, men det går gale når ein hiv alle tradisjonane over bord på éin gong og omfamnar det nye utan skikkeleg feste i det som har vore. Hildring – ordet tyder fantasiførestilling eller hallusinasjon – skildrar fleire slags vrangførestillingar. Både når det gjeld kjensler og elles, blir fleire av personane i romanen dåra eller blenda, og dei må betale dyrt for det.
Romanen var eit av dei seinaste litterære verka til Hulda Garborg (1862–1934). Denne nasjonale strategen, som Arnhild Skre kallar henne i biografien frå 2011, hadde ein finger med i det meste av det vi i dag kallar norsk. Det er i dag mindre kjent at ho hadde ein stor litterær produksjon.
Heimstaddikting
Hulda Garborg var frå Stange i Hedmark. Hildring har, som fleire av romanane hennar, handling frå områda litt lenger nord og aust, der forfattaren hadde slekt og kjende tilhøva godt.
Berit Buvin er odelsjente på ein storgard i Østerdalen. Ho er stolt og ættebevisst, fysisk sterk, men òg kjenslevar og intuitiv. Av far sin har ho lært å lese skogen som var han «ei kjempebok med stor grei skrift». Berit gir romanen ein viss feministisk tendens. Som ho sjølv seier ein stad i boka: «Stakk hell brok kjem full ut på eitt, berre ein har nevar.»
Når far til Berit døyr, blir mora Gunhild eit lett bytte for mannen som kjem og dårar eller «hildrar» henne. Sevat kjem til Buvin som tenestekar, men endar opp med å gifte seg med husfrua og ta over garden. Han vil vere storkar og spekulant, rekk å selje mesteparten av skogen og set nesten heile storgarden over styr. Ymse hendingar gjer at Berit endeleg kan ta over styre og stell på Buvin, det som er hennar arv og rett.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.