Bok

Storverk med sting

Kvinner får endeleg sin fortente plass i historieskrivinga gjennom dette viktige verket om krigen.

Sørøylottene var blant få kvinner og menn som kom i regulær kamp i samband med frigjeringa av Noreg. Frå venstre Gerd Larsen, Anna Andersen, Odil Eilertsen, Mary Hustad, Herlaug Soløy, Margit Soløy, Petra Larsen og Kjellaug Krane.
Sørøylottene var blant få kvinner og menn som kom i regulær kamp i samband med frigjeringa av Noreg. Frå venstre Gerd Larsen, Anna Andersen, Odil Eilertsen, Mary Hustad, Herlaug Soløy, Margit Soløy, Petra Larsen og Kjellaug Krane.
Publisert

Lytt til artikkelen:

Det er 7. juni 1945 og jubel i Oslo. «Alle» skal feire med kongefamilien som er heime igjen. Men Eva Jørgensen, Milorg-leiar frå Hedmark, og chiffrør Grete Murstad er sette på sidelina; dei får ikkje gå i paraden fordi dei er kvinner. Seinare kjem historieskrivinga som plasserer krigsinnsatsen til kvinnene i skuggen, eller kanskje enda verre: omskriv han til ein slags husmorinnsats.

Dette kjem fram i det første storverket om den norske kvinneinnsatsen under den andre verdskrigen, Norske kvinner i krig 1939–1945, forfatta av historikaren Mari Jonassen. Verket er eit oppkome av ny historieforteljing, men også ein systematisk gjennomgang av ulike sider ved krigssituasjonen, som fangelivet og bruk av tortur, korleis den sivile motstanden arta seg, så vel som militær trening av ein del kvinner. I stor grad er dette forteljinga som forsvann, først syttifem år etter frigjeringa er det altså vi får denne meir enn velkomne boka. Det måtte ein pågåande historikar til, med vilje til å sjå på kjeldene med ein bestemt innfallsvinkel, nemleg å dokumentere innsatsen kvinnene gjorde på alle felt under krigen. Mari Jonassen har jakta i både gamle og nye kjelder og gir oss ein kronologisk gjennomgang med tematiske dykk. Slik får ho fram innsatsen til kvinnene på fleire frontar.

På sitt beste er Jonassen når ho går inn i forteljingar som historia om Sørøy-lottene, kvinnene som skaffa seg våpentrening og kom i regulær kamp. Uredde og dyktige, men fram til nå i liten grad med blant heltehistoriene frå krigen. Biletet av dei uniformerte lottene i snøen der på Sørøya fortener ein plass på netthinna vår, like mykje som ein Max Manus eller andre menn i eplenikkers og anorakk. For ikkje å snakke om biletet av dei første kvinnelege marinesoldatar på opningssidene i boka. På norske skip ute i farleg farvatn segla også kvinner som risikerte livet. Nå får dei ein plass i historieskrivinga saman med dei rundt 5000 kvinnene som mot slutten av krigen var innrullerte i Milorg og dreiv ulikt sivilt arbeid med høg risiko. Alt i alt viser Mari Jonassen til 1230 namngitte kvinner som gjekk inn i ei eller anna form for motstandsarbeid, truleg var det fleire.

Kvinnene fram i lyset

Intensjonen bak boka, skriv Mari Jonassen, er å få fram det «lille, store mennesket» og gi kvinner sjølv ei stemme. Slik er det også at ho lèt oss oppdage ei anna Unni Diesen enn henne som har hamna i myteskuggen av Halvdan Koht og stort sett er feilteikna eller neglisjert. Slik får vi også ei kjensle av kva det kosta når kvinnene måtte operere med blåsyrepiller på innerlomma, når dei trena med våpen på eit skipsdekk eller i felt og elles viste sivilt mot i okkupasjonstida.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement