JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Storveges om ugras

Emil Korsmo er den meste kjende ugrasbiologen vår. No er plansjane samla mellom to permar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«XXI mjødurt». Plansjane vart teikna av to illustratørar, Knut Torkildsen Quelprud og Sara Mørk.

Illustrasjon frå boka

3177
20200430
3177
20200430

Sakprosa

Liv Borgen:

Ugress. Et vilt herbarium. Emil Korsmos klassiske plansjer

Nasjonalbiblioteket

Vår mest kjende ugrasbiolog Emil Korsmo (1862–1953) arbeidde i 25 år – frå 1913 til 1938 – med å laga eit unikt verk om plantar. Det vart 90 plansjar med fine akvarellar av 138 ugrasartar. Dei detaljerte illustrasjonane vart laga av profesjonelle illustratørar, mest av Knut Torkildsen Quelprud, men òg nokre av Sara Mørk.

Emil Korsmo gav òg ut tre tekstband med forklaringar til plansjane. Desse banda har ei mengd detaljar om plantane: morfologi, populasjonsbiologi, økologi og utbreiing elles i verda. Til saman har dette vitskaplege verket (plansjar og tekstband), som tek føre seg omkring 140 planteartar, vore standardverket i ugrasforsking og plantebiologi – før det til dels hamna i gløymsla, ikkje minst tekstbanda.

Hårfine detaljar

Det er såleis storveges at Nasjonalbiblioteket no har drege fram att Korsmos verk med den fine boka til Liv Borgen. Boka har utsøkt papir- og trykkvalitet – noko som trengst for at dei detaljerte akvarellane til Quelprud og Mørk skal koma tydeleg fram. Her er mange hårfine detaljar, til dømes plansje «XXI mjødurt». Boka gjev att dei 90 plansjane på framifrå vis. Til dette er det store formatet velvalt.

I tillegg skriv Borgen litt om kvar plante. Og da ikkje om det Korsmo skriv i tekstbanda, altså ugrasbiologi, men mest om opphav og tidlegare og noverande utbreiing. Noko etnobotanikk. Og nokre anekdotar om plantane. Ho set plantane inn i ein moderne forvaltningssamanheng og nemner om arten er raudlista (til dømes dundå). Eller om han no er på framandartslista (til dømes russekål).

Kva ugras er, vil endre seg litt over tid, og har samanheng med korleis jord- og hagebruk vert gjort. Ein generell definisjon – antroposentrisk sett – kunne vere: «Ei plante som veks på feil stad.» Og da som ei undergruppe av kva sosiologen Mary Douglas (Purituy and Danger, 1966) kalla skitt. Altså: «materie på feil stad». Men slikt er ikkje diskutert av Borgen. Føremålet med boka er ikkje å setje ugrasbiologien inn i ein større samfunnssamanheng, men å gje oss Korsmos originale ugrasplansjar i ny utgåve.

Solid

Det har på alle vis vorte ei flott og solid bok. Skulle ein sakne noko, måtte det vere ny kunnskap og litt meir om dagens bruk av plantane. Til dømes i omtalen av ramslauk. Denne planten er no jaga vilt, og da av såkalla villmatsamlarar, nokre stader rundt byane i meste laget. At sypressvortemjølk er ein såkalla høgrisikoart som framandart, at bulmeurt vert rekna som ein sterkt truga art på siste raudlista. Altså: litt meir oppdatert kunnskap om forvaltningsstatusen til plantane i dag. Men dette er ikkje viktigast. Teksten er stort sett nyttig og interessant.

Det er dei utsøkte plansjane som ber – og skal bera – denne vakre boka. Eg vil takke Nasjonalbiblioteket – og Liv Borgen – som no endeleg gjer Emil Korsmos livsverk tilgjengeleg på ny. Og da som heilskap, på framifrå vis.

Anders Often

Anders Often er forskar ved Norsk institutt for naturforsking (Nina).

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Boka gjev att dei 90 plansjane på framifrå vis.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.

Foto: Prime Video

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Moro for middelklassen

Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis