Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.

Foto: Alenz Kazlova

3161
20241220
3161
20241220

Roman

Eva Vezjnavets:

Hva leter du etter, ulv?

Omsett av Marina Hobbel
Existenz Forlag

Dei siste ti åra har Belarus mottatt to nobelprisar: litteraturprisen i 2015 til Svetlana Aleksijevitsj og fredsprisen i 2022 til Ales Bjaljatski. Bjaljatski har sete fengsla sidan 2021, skulda for skattesvik. Aleksijevitsj lever i eksil i Berlin.

Journalisten og forfattaren Svjatlana Kurs (f. 1972) lever også i eksil, og nyleg kom romanen Hva leter du etter, ulv?, skriven under psevdonymet Eva Vezjnavets, i norsk omsetjing ved Marina Hobbel, fødd i Minsk og busett i Oslo sidan 2003.

Det er ein kort roman som opnar Existenz Forlags serie «Samtidslitteratur fra Belarus», og dersom det kjem fleire romanar av same kaliber, er det mykje å gle seg til, for bøker frå Belarus fyller ikkje akkurat hyllene her til lands. Ved sida av Aleksijevitsj kjenner eg berre til Vasil Bykavs roman Sotnikaw, skriven i 1970 og utgjeven i norsk omsetjing 2008 på Solum Bokvennen.

Å vere på vakt

Bykavs overordna tema er andre verdskrigen, belarusiske partisanar og kampen mot tyske og belarusiske nazistar. Vezjnavets har også dette på blokka, men ho femnar vidare og dekker dei siste hundre åra av belarusisk historie, fortald gjennom hovudpersonen Ryna og bestemora Darfeja på 102 år.

Det startar med at den alkoholiserte Ryna får sparken frå ein pleieheim i Darmstadt i Tyskland, der ho har jobba i ti år. Da ho får vite at bestemora er død, reiser ho heim til den fiktive landsbyen Nauhalnaje søraust i Belarus. Her voks ho opp hos bestemor si i eit hus som var delt mellom foreldra og bestemora. Huset heiter Aredeber, frå latin are debere, som tyder «ver på vakt», og det er nettopp det heile romanen handlar om: å vere på vakt.

Når Ryna kjem heim, blir det bestemora si stemme saman med mange andre stemmer som tar over, i form av alt ho har notert i hefta ho lét etter seg, og her får vi ein usminka, galgenhumoristisk og jordnær gjennomgang av Belarus’ historie frå første verdskrigen, revolusjonen, kollektiviseringa, tvangsflyttingar, inndragingar, pogromar og massedrap både før og under begge dei store krigane, der Belarus kom i skvis mellom polakkar, russarar og tyskarar, med jødane som den store syndebukken for alle partar: «Før sto det ett jødisk hus for våre to i Lipen, men nå er det bare fem familier igjen i hele byen! Gamle Maryja spøker: ‘Om det skjer noe nå, blir det ikke mye jobb med oss for dere!’»

På vakt mot trapper

Bestemor Darfeja nyt stor respekt i lokalsamfunnet som healer og jordmor; ho kjenner plantelivet i skogane og myrlandskapet rundt landsbyen, både dei giftige og dei til medisinsk bruk. Men myrane blir drenerte for å skape matjord, og dette trugar artsmangfaldet.

Det ligg eit folkloristisk slør over teksten som kler han og gjer han mangfaldig og mystisk på same tid, og når Ryna mot slutten leitar opp og opnar ein gammal mytisk brønn som er graven ned, er det heilt i tråd med det ho har vakse opp med: are debere – ver på vakt.

Hva leter du etter, ulv? er ein roman som slår hardt.

Oddmund Hagen

Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar for Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Bjørn Rasmussen vaks opp blant dyr – ikkje minst hestar. Det har forma forfattarskapet hans.

Foto: Frida Gregersen

LitteraturKultur

I fri dressur

Når vi endeleg får lese kontroversielle Bjørn Rasmussen på norsk, handlar det om ei hestejente. Men skinnet bedrar.

Marita Liabø

Nicole Kidman spelar Romy, som ser ut til å ha full kontroll over eit perfekt liv, men som blir utfordra av praktikanten Samuel (Harris Dickinson).

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Farleg begjær

Nicole Kidman er perfekt i utforskinga av makt og seksualitet i Babygirl.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis