JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Stor bok om ei stor elv i eit stort land

På eine sida er inga elv meir russisk enn Volga, på andre kan ingen av dei store russiske elvane by på større folkemangfald.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4959
20211203
4959
20211203

Sakprosa

Geir Pollen:

Volga. En russisk reise

Gyldendal

«Mange bekker små gjer ei stor å», heiter det, og nett det er elva Volga eit godt døme på, for noka større elv finst ikkje i heile Europa. Ikkje så rart då at ho er skildra av reisande opp gjennom åra. I 2016 kom boka Moder Volga av Jon Ole Hokstad, og i år den tre gonger så tjukke Volga. En russisk reise av Geir Pollen.

Reisa er ikkje berre noko forfattaren gjer i hovudet, for Pollen har faktisk fare heile vegen frå det vesle utspringet på Valdaj-høgdene til munninga langt i aust, der «Volga fell ut i Det kaspiske havet», som det heiter i eit sitat frå Anton Tsjekhov, noko Pollen passar på å nemne. Det er langt frå Valdaj til Kaspihavet, 3685 kilometer, men fallet er ikkje så høgt: 250 meter (eller så, for høgda på vasspegelen i Kaspihavet endrar seg). Den reisa Pollen gjorde, må altså ha vore både lang og flat, kanskje keisam òg, endå ho ikkje vart gjort i eitt strekk.

I alle fall er boka som vart frukta av års reising, alt anna enn keisam. Dette oppnår Pollen ved ikkje å sjå seg blind på vatn og elvebreidder, men heller ofre merksemd på menneska – både heile folkeslag og einskildpersonar – som har budd og verka langs denne store elva. På den eine sida er inga elv meir russisk enn Volga, på den andre kan inga av dei store russiske elvane by på større folkemangfald enn ho: forutan russarar mordvinar, tatarar, mariar, tsjuvasjar, ja, tyskarar med. Alle har si historie, og den fortel Pollen gjerne. Overalt finn han også menn og kvinner som har sett merke etter seg i soga, anten som politikar, forfattar, målar eller vitskapsdyrkar. Han er også vel kjend med storfolk som har sigla på Volga før han sjølv, frå arabaren Ibn Fadlan på 900-talet til Alexandre Dumas d.e. 900 år seinare.

Vassjuk elv

Men natur og kultur flyt saman i Volga, og elva tek seg i dag heilt annleis ut enn på Dumas’ tid. Dei største endringane er komne i sovjettida, for då var teknologien langt nok komen og styresmaktene blitt omsynslause nok til å drive det eine kjempeprosjektet etter det andre fram langs elva. Lenins slagord «kommunisme er sovjetmakt pluss elektrifisering av heile landet», som Pollen gjev att i eit av dei mange gode bileta i boka, skulle gje straum til hushald og framfor alt til fabrikkar, men det gav òg tvangsarbeid til ein hærskare menn og kvinner år etter år. Også Volga sjølv fekk lide, for med sitt langsame fall var ho sårbar for tilsanding og forureining, ikkje minst då ho særleg i det nedre løpet vart forvandla til ei rekkje innsjøar. Då Geir Pollen kom til åmotet mellom Volga og den største sideelva hennar, Kama, kunne han ikkje sjå noka strand, berre endelaus vassflate. Og han legg ikkje fingrane mellom når han skildrar alt som er rangt og gale.

Geir Pollen er utdana russiskfilolog, har budd mange år i St. Petersburg og Moskva og har attpå til russisk kone – alt saman gode føresetnader for eit solid verk. Og solid er boka blitt, stappfull av tal og andra data frå natur og kultur, så den som vil gå henne etter i saumane, gjev nok fort opp. Sjølv har eg ikkje støtt på noko som er direkte gale, men nok eit og anna som heller ikkje er heilt rett.

Når forfattaren kjem til Nizjnij Novgorod og kallar Ulitsa Rozjdestvenskaja for «Fødselsgaten», kunne han like gjerne ha kalla henne «Julegaten», for ordet rozjdestvo, som gatenamnet er avleidd av, vert ikkje brukt om alle fødslar. Og når professor Karl Fuchs tek det russiske Fjodorovitsj til farsnamn, endå far hans viteleg heitte Friedrich, er det ganske riktig hans eige påfunn, men Pollen kunne fått med at på professorens tid var Friedrich, vel på grunn av konsonantrekkja f-d-r, nærast oppfatta som ein tysk pendant til Fjodor.

Framifrå forteljar

Dette er berre småplukk i ei stor og rik bok, og det same gjeld når vi kjem til stader der forfattaren må velje kva han skal ta med av stoff. Dette gjeld mellom anna Uljanovsk, det gamle Simbirsk, der politikarane Lenin og Kerenskij er sjølvskrivne, ikkje minst på grunn av samhøvet mellom dei, men ein saknar likevel historikaren Karamzin, som Pollen nemner fleire gonger før han kjem fram til heimbyen hans. Valet av «medreisande» kan også overraske, som når Pollen viser til Alexander von Humboldt, som fór på Volga rett før 1830. Vel er Humboldt ein vidgjeten mann, men vår eigen naturvitskapsmann Christopher Hansteen, som reiste det same strekket – frå Kazan til Astrakhan – om lag samstundes med prøyssaren, er så visst ingen låkare forteljar.

Ein framifrå forteljar er Geir Pollen òg, så det er trygt å gje seg ut på litterær elveferd.

Erik H. Egeberg

Erik H. Egeberg er professor emeritus i russisk litteratur.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Lenins slagord «kommunisme er sovjetmakt pluss elektrifisering av heile landet», skulle gje straum til hushald og fabrikkar, men det gav òg tvangsarbeid til ein hærskare.

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis