Bok

Stødig reiseførar i øyriket

Eli Johanne Ellingsve guidar lesaren gjennom Lofoten – utan kart.

Publisert

Eli Johanne Ellingsve har lang fartstid i filologien både som redaktør i Norsk Ordbok, som namnekonsulent for Språkrådet og som prosjektleiar for innsamling og digitalisering av stadnamn i Midt-Noreg og Nord-Noreg. Ho har nådd pensjonsalder, men fagleg er ho still going som det heiter på nynorsk.

I Lofotnavn går ho inn i eit namnemateriale som både er lokalt, regionalt og nasjonalt. Dei fleste har vel høyrt om Austvågøy gjennom Inger Hagerups dikt, mange kjenner Trollfjorden gjennom Johan Bojer og Den siste viking. Færre har vel høyrt om Stamsund gjennom Arild Nyquist eller Vågan gjennom Odd Klippenvåg, men for min del har Lofoten så langt vore litterære referansar før Ellingsve no byr på ei reise gjennom eit utval på 1000 namn av dei rundt 11.000 som finst i området, frå Røst til Raftsundet.

Ryddig og delikat

Det heile er ryddig og delikat lagt til rette, ordna alfabetisk frå A til Å (som i seg sjølv er eit namn), krydra med landskapsbilete, nye og for det meste i fargar, men også postkort av eldre dato. Det ein saknar, er eit områdekart over Lofoten, for namn utan kart blir liksom ein rett utan tilbehør, à la Hjalmar Ekdal i Vildanden som lovde Hedvig ein smakebit frå eit selskap hos grosserar Werle, men så har han berre menyen å vise fram.

Men for all del, Ellingsve har sitt på det tørre sjølv om ho også er innom holmar og skjer, grunner og brott, og namnet Nattvorden, eit skjer i leia mellom Borgværet og Val på Vestvågøya, har både død og drama knytt til seg. Det har også Kubenken og Kalvbenken, namn på fjellhyller ovanfor Vettingsgardene på Vestvågøya, der krøtter kunne gå seg fast og bli ståande til dei blei berga eller fall utfor.

Somme av namna viser til eldre tiders daglegliv og rutinar, og Ellingsve har tatt med eit knippe av solmerkenamn knytte til fjell og lokalitetar i nærmiljøet. Som eksempel kan nemnast Durmålsdalen, Middagstinden, Nonstuva og Nattmålsfloget. Slike namn er ikkje spesielle for Lofoten, ein finn dei over heile landet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement