Bok
Sterkt snøre, usynleg krok
Judith Hermann skriv stilreine tekstar der det essensielle ligg løynt under det trivielle.
Den tyske forfattaren Judith Hermann skriv kort og godt.
Foto: Juergen Bauer
Ute i verda vert det sagt at den skjønnlitterære prosaen det løner seg minst å omsetja, er stille, språkdrivne romanar utan ein krok («without a hook») – altså tekstar som ikkje har eit spennande plott, eitkvart som hektar seg fast i lesarane, som riv dei med. Det har dei sikkert rett i, desse utlendingane. På den andre sida er det jo også slik at det er von i hangande snøre, berre det er sterkt.
Krystallklåre bilete
På Pelikanen Forlag ligg det no føre ei ny bok av tyske Judith Hermann, ei samling forteljingar under tittelen Lettiparken. Dei er av det stillferdige slaget, og nokon tydeleg krok å henga seg fast i har dei ikkje. For det som skjer, er som regel ikkje særleg opprørande eller avgjerande, det er ikkje noko ein kan drøyma seg bort i, tekstar der ein til dømes kan identifisera seg med dei edle og heltemotige, som tek kampen opp mot skurkar, politikarar og andre moralske skrælingar under skrekkelege tilhøve med jordskjelv, tsunami og bompengar. Derimot presenterer Hermann ein serie krystallklåre bilete frå heilt ulike miljø, nokre få, korte scener av levande menneske, ofte i heller trivielle situasjonar, slike som syner folk slik dei stort sett er, og ikkje slik dei berre unnataksvis kan tenkjast å vera. Og når det nokre gonger er viktige avgjerder som vert skildra, som når paret Philipp og Deborah i teksten «Hjerne» bestemmer seg for – eller rettare sagt når Deborah finn ut – at dei skal adoptera eit barn, søkjer ikkje Hermann ein mogleg konflikt som motor i teksten, lesaren får sjå at det er ei viss usemje mellom dei to vaksne, men den er absolutt til å leva med, teksten definerer ikkje dei to ved eit bestemt punkt i eksistensen, men syner oss fleire døme på korleis dei lever, korleis dei tenkjer.
Som sagt er det heilt ulike miljø i desse tekstane. Dei handlar om folk frå nær sagt alle sosiale lag, og har mykje meir sams når det gjeld metode og stil enn innhald. Ikkje minst av di det viktige om og med personane i tekstane berre så vidt kjem til syne no og då.
Treng ikkje mange ord
Judith Hermann treng ikkje mange ord for å få sagt mykje. Ho legg seg heller ikkje tett på personane ho skriv om, men held seg for det meste til ein distansert referatstil der forteljarrøysta er emosjonslaus og nøytral. Slik minner teksten stundom om lyrikk, endå om det så desidert er prosa. Subjektet er anten fråverande eller gjort upersonleg på subtilt vis, til dømes i den første teksten, «Kull», der synsvinkelen er første person fleirtal. Tekstane kjem såleis til lesaren som absolutte objekt. Det er ikkje meininga at ein skal ta del i dei, i alle høve ikkje i den delen av handlinga som forfattaren presenterer.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.