Bok

Sterke historier

Maja Lunde skriv med innsikt om den skjøre kjærleiken mellom menneske.

Maja Lunde har skrive det tredje bandet i den såkalla klimakvartetten.
Maja Lunde har skrive det tredje bandet i den såkalla klimakvartetten.
Publisert

Da Maja Lunde gav ut Bienes historie i 2015, rørte ho ved ei rasjonell og ei irrasjonell frykt for framtida med global oppvarming, klimakollaps, samfunnsoppløysing og kaos, der menneskets sin vidare eksistens blir sett i spel. Ho skreiv med autoritet og innleving, ho trefte ein nerve i tida, og det tok ho vidare i neste bok i klimakvartetten, Blå (2017). No er den tredje boka her, Przewalskis hest, og igjen er det ein svir å lese.

Som i dei andre bøkene opererer Lunde med fleire tidsplan som ho på finurleg vis flettar saman i ei overordna forteljing om den utryddingstruga mongolske urhesten thaki eller przewalskihesten. Dei tre berande forteljarstemmene, den russiske zoologen Mikhail frå 1880-talet, den tyske veterinæren Karin frå 1990-talet og den norske dyreparkeigaren Eva frå 2064 fører alle ein kamp for at hesterasen skal overleve, ikkje berre som attraksjon i dyreparkar, men som villhestar på dei mongolske steppene.

Dyrevern

Det er Mikhail Kovrov som saman med den tyske dyrefangaren Wilhelm Wolf får finansiert ein ekspedisjon til Mongolia i håp om å fange thakiar og frakte dei til Europa og selje dei til ulike dyrehagar. Det er tidleg på 1880-talet, og Lundes tidsbilde frå St. Petersburg og frå reisa til Mongolia, er presise, nære og detaljerte og omfattar også attentatet og drapet på tsar Aleksander II 13. mars 1881. Like eins knyter ho den tyske Karins barndom til krigshandlingar i Berlin og Görings luksusvilla Carinhall, der mora arbeider. I ei innhegning i nærleiken har Göring fleire mongolske villhestar som han vil redde frå utrydding, og her rører Lunde ved eit stort paradoks: nazistane, som utan skruplar myrda millionar av menneske, hadde ein sentimental kjærleik til utryddingstruga dyr og dyr generelt og innførte strenge dyrevernlovar. Lunde nemner det i forbifarten, men ho går ikkje nærare inn på det.

Det ho går heilt tett på, er det vanskelege forholdet mellom menneske som står kvarandre nær, anten i eit familieforhold eller i eit kjærleiksforhold, slik ho skildrar den forbodne kjærleiken som oppstår mellom Mikhail og Wilhelm, vakkert og nyansert og vondt inn i sjela når dei tilbake i Europa må bøye av for konvensjonane.

Også forholdet mellom Karin og den narkomane sonen Mathias er skildra med nennsam hand. Karins livsoppgåve er å hente thakiar frå Europa og sleppe dei fri på dei mongolske steppene i håp om at dei blir villhestar igjen. Sluttscenen, då Mathias og dottera i 2019 reiser med urna til Mongolia for å spreie oska nær den forskingsstasjonen mora dreiv, er djupt gripande, og ein les med klump i halsen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement