Bok
Stadig nye dører opnar seg
Den vesle, rare boka til Edgar Burås rommar ei underhaldande og spennande og røvarhistorie.
Forfattarnamnet Edgar Burås er eit psevdonym.
Edgar Burås er eit psevdonym for ein norsk forfattar som uansett kva han eller ho elles skriv, er ein kløppar på gode skrøner. Eg blei riven med alt før forteljinga byrja, heilt frå sitatet av Jonathan Swift.
Bakgrunnen for handlinga er også hovudverket til Swift: Gullivers reiser. Det «viser seg» at blant mange pastisjar og parodiar som er skrivne over verket gjennom historia, dukkar det i 2010 opp eit manuskript av Robert Loxley som dei fleste trur berre er nok ein pastisj. Men Edgar Burås tolkar det som om Loxley går ut frå at Gullivers opplevingar er verkelege, at Gulliver har fortalt om dei til Jonathan Swift, som så har utbrodert dei i si endelege bok.
Burås reiser til Newark-on-Trent, der Gulliver skal ha budd, for å vere på same staden som Loxley var då han oppsøkte Gulliver for å finne ut kva som skjedde i tidslomma i Swifts bok som ikkje er gjort greie for. Skjuler tidslomma ei ukjend reise? Ja, svarar Gulliver til Loxley, og så får vi høyre om reisa.
Satire over menneska
I likskap med Swifts originalverk fungerer historiene om desse hittil ukjente reisene til underjordiske land som satiriske portrett av menneskeætta. I eitt land regjerer snillismen. Folk er så pågåande snille at Gulliver må dytte dei vekk, og då kjem det til rettssak. Men skuldingane blir straks droppa, og Gulliver får ein klem av dommar og aktor før han blir lauslaten. I eit anna land herskar diktaturet, og terrorbalansen blir oppretthalden gjennom dommedagsvåpen.
I det første landet er dei òg opptatt av moral, og dei har reglar som frå vår verd verkar frigjerande snudd på hovudet: «Av de mer spesielle – og kuriøse – bestemmelser kan det nevnes at en mann aldri må kle seg ’utfordrende’, slik at han på den måten vekker begjær hos kvinner og indirekte innbyr til intime handlinger.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.