Bok
Stad og landskap i litteraturen
Der litteratur blir til kan fungere som supplement til meir tradisjonelle litteraturhistoriske framstillingar.
Sveinung Nordstogas siste bok er ikkje ei litteraturhistorie i tradisjonell forstand, og forfattaren gjev klar beskjed om nettopp det alt i første avsnitt av føreordet. Boka går likevel i tett dialog med litteraturhistoriesjangeren, og Nordstoga føreslår at ho kan lesast både som ei påminning om at historiske framstillingar om litteratur framleis er naudsynte, og som eit innlegg i ein norskfagleg debatt om kva status og rolle litteraturhistoria skal spele i norskfaget i skulen.
Det viktigaste grepet til Nordstoga er koplinga mellom litteratur og stad. Nordstoga har valt ut 50 forfattarskap frå dei siste 200 åra, og nokre tekstar av kvar forfattar er lesne i lys av ein eller fleire stader, landskap eller rom som på ein eller annan måte kan bidra til forståinga av tekstane og forfattarskapa.
Denne lesenøkkelen fungerer godt i mange tilfelle, eg merka meg særleg lesingane av Tarjei Vesaas og Rolf Jacobsen. I nokre tilfelle verkar stadperspektivet meir tvinga på, andre gonger kjem staden meir i bakgrunnen i lesingane. Ein opplagd føremon ved Der litteratur blir til er alle presentasjonane og lesingane av einskildtekstar.
Forvirrande signal
Nordstoga er heile vegen nær saka sjølv – dei litterære tekstane. Eg likar òg godt at her ikkje er ei merkbar kvantitativ diskriminering mellom liten og stor. Rasmus Løland får like mange sider som Knut Hamsun. Vidare er her ei nokolunde brukbar geografisk spreiing, og vidt ulike stader og rom, konkrete, abstrakte og fiktive, blir tematiserte. Både kvinner og menn slepp til, og ein sveip innom samisk litteratur blir det òg plass til.
Der litteratur blir til gjev ein del forvirrande signal til lesaren. Staden er lesenøkkelen, men forfattarskapa er likevel ordna kronologisk og tematisk på liknande måte som tradisjonelle litteraturhistorier. Kunne det vore mogleg å gå eit steg lenger her ved å la staden i sterkare grad vere eit disposisjonsprinsipp?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.