JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Språkdommaren in persona

Finn-Erik Vinje hadde meiningar så mange at mange meinte mykje om han.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Professor emeritus Finn-Erik Vinje laga eit framlegg til Grunnlova på eit meir moderne bokmål i 2014.

Foto: Berit Roald / NTB

6085
20240223
6085
20240223

Sakprosa

Per E. Hem:

Finn-Erik Vinje. En språkets mann

Solum Bokvennen

Snart har vi ein generasjon som ikkje veit kven Finn-Erik Vinje var, ein etterkommar etter Dølen, kanskje. Det er han bestemt ikkje. Vår Vinje drog ikkje opp dal og over fly, men sprang spaltelangs og frå studio til studio.

Medieprofessoren

I Noreg elskar vi å diskutere språk. Språk er breiddeidrett. I dag vinn språkbøker prisar. Vinje fekk ingen Brage, men mange hugsar Språkreglar og namnet på andre bøker, der han sa kor skapet skulle stå i teksten. Så er vi mange som har humra oss gjennom forklaringane på alt mellom himmel og jord i vår språkheim, i Språkteigen i NRK, der han briljerte i samspel med Olav Vesaas.

Finn-Erik Vinje var ei tid overalt. Ja, kor mange språkspalter har han ikkje stått bak. I aviser, blad, tidsskrift. Bøker opp og i mente kom trillande, som egg ut av ei høne, om godt og dårleg språk, politikarspråk, administrasjonsspråk, lovspråk, journalistspråk. Professoren gjekk framfor oss og sette opp vegskilt å ta seg fram etter. Det er inga skam å sette punktum. Sidan kunne han sukke over at mykje var sisyfosarbeid.

Finn-Erik Vinje har prega Noreg og gjort landet mange tenester. Berre ikkje med å gå inn for at ein russar skulle heite sovjetar, rett før kommunismens fall.

To portstolpar, innleiande og avsluttande, kan vere da den unge professoren i 1973, etter første EF-kampen og midt i eit gryande dialektopprør mot sentralmakta, foreslo talemålsnormering i skolen, for at ungane skulle lære seg å snakke etter boka, ikkje som mor og far og vennene. Og da Vinjes konservative bokmålsframlegg vart ny grunnlovstekst til jubileet i 2014, etter ein stortingsduell mot eit meir radikalt framlegg. Mellom dette ligg eit liv i språkets teneste. Truleg var ordflinkisen frå Bærum vårt største mediefenomen i ei tid for slike, ein perpetuum mobile i ein periode da alle meinte noko om språk, alltid.

«Truleg var ordflinkisen frå Bærum vårt største mediefenomen i ei tid for slike.»

Alltid i strid

En språkets mann er ei bok om språkfeidar. Bitte små og store. Vinje sine stikk mot folkeleg mål gjennom tale og skrift blir vi kjende med, eller mint på. Slikt er interessant. Hem sveivar opp alt det denne raudkluten av ein professor dreiv med.

Sakene kjem og tida flyg, forteljinga greier raskt ut om det meste den biograferte hefta seg med og var innom på faglege felt. Avisdebattar blir gjengjevne, store kranglar om små ord. Det driv frå holmgang til holmgang, om og i språket. Vi forstår at Vinje elska å stå midt i all strid. Men kanskje var det om å gjere å vere i vinden. PR-kåt må den biograferte ha vore.

Boka er kanskje vel overflatisk i denne reisa, som hovudpersonen òg vart skulda for å vere, av andre språkforskarar. Skit og kanel blir det hefta med.

Så er det at denne biografien blir litt for jovial i tonen. Hem gjer objektet sitt for mykje til ein hyggeleg fyr, ved å bruke berre fornamnet Finn-Erik når professoren driv frå medieoppslag til medieoppslag og frå valplass til valplass. For raskt har det også gått når forfattaren i striden om talemålsnormeringa viser til slagordet «Skriv nynorsk, snakk dialekt», når det fanst tusenvis av jakkemerke på norske høgskolar seint på 1970-talet med teksten: «Tal dialekt – skriv nynorsk», seinare «Snakk dialekt – skriv nynorsk». Tanken er jo at talemålet kjem først. Mottoet var: frå dialekt, hjartespråket i munn, til det skriftspråket som ligg nærast for dei fleste: nynorsk.

Vinje mot folkemålet

I ungdommen tilhengar av samnorsk og språkleg samling vart Vinje raskt i livet – slik det går med nokre – eldre og konservativ, til slutt riksmålsmann, enda her heng Hem på eit unødvendig spørsmålsteikn.

Professoren avskydde dialekt når den forvilla seg inn på riksscena. Dårleg uttale og dialekt var elles nærast det same. Begge delar øydela rikssamtalen. Dette er eit synspunkt mange i dag er samde om ikkje er særleg tidsriktig.

Vinje skammerkte ein gong østfoldingane for å ha den styggaste dialekten i landet. Ironien i livet gav han seinare både ei svigerdotter frå kjerneområdet og ein sambuar derifrå, får vi høyre, utan å få vite om dei snakka breiære. Men det går jo ofte ein nemesis gjennom livet.

Med tida sanka han seg sekken full av motstandarar. For målfolk var det meir enn det: fiendskap. Språk gjeld som kjent livet, og livet er som kjent ikkje for pyser. Etter kvart vart kampane mellom målfolk og Vinje som dei verste lokaloppgjer, fulle av hat.

Hem går ikkje høglydt i striden for sin helt, men går han heller ikkje på klinga. Ein gong kallar forfattaren angrepet på den biograferte famøst. Ballesparket kom i Syn og Segn i 1988, med Ottar Grepstad som påstått dirigent, mens Tove Bull var utførande bøddel, ifølge Hem. Vinje var grunn, hevda artikkelen. Og mykje som var langt verre.

Biografen skulle våga å analysere meir kva rolle professoren hadde som maktperson i eit Noreg i full språkleg omkalfatring. Nynorsken hos ungdommen låg snart på sotteseng etter dialektblomstringa, og professoren ordinerte ikkje akkurat medisin for å berge pasienten, men spådde ein snarleg død og dreiv med aktiv dødshjelp.

«Hem sveivar opp alt det denne raudkluten av ein professor dreiv med.»

Frå Dahl til Vinje

Finn-Erik Dahl, som først i vaksen alder tok Vinje-namnet, etter ein morfar som var soldat i Frelsesarmeen, voks opp med ein NKP-far i Bærum i nær etterkrigstid. Det må ha skaffa grunnlag for å sjå verda frå nye sider. Han nekta å stille da klassen drog til Fornebu og hylla Winston Churchill som kom på statsbesøk i 1948. Faren heldt seg til Stalin, som hadde sagt Churchill var ein krigshissar.

Politisk valde guten å bli sosialist som ein eldre bror, framfor kommunist, og søkte inn til Oslo på gratisbillett med Bærumsbanen, der faren var elektrikar. Turen førte til medlemskap i Majorstua Arbeiderungdomslag i konfirmasjonsalderen. Etter studia gjekk det slag i slag, og frå debatt til debatt, for denne språkets mann. Far sette han.

Arild Bye

Arild Bye er journalist og forfattar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis