Språk og identitet
Som ungarsk flyktning i Sveits opplevde Agota Kristof analfabetens traume.
Boka til Agota Kristof inneheld elleve små forteljingar som dannar ei større historie.
Foto: Philippe Pache / Getty Images / Cappelen Damm
Forteljingar
Agota Kristof:
Analfabeten
Omsett av Henninge Margrethe Solberg
Etterord av Simon Stranger
Cappelen Damm
I 1956, etter at Sovjetunionen hadde knust det ungarske opprøret, flykta den 21-årige Agota Kristof saman med mann og ei fire månader gammal dotter over grensa til Austerrike og vidare til franskspråklege Neuchâtel i Sveits, der ho blei verande fram til ho døydde i 2011.
Ho reiste frå slekt og venner utan å ta farvel, ho forlét eit språk og eit land ho var nært knytt til, ho forlét den skrifta ho kjente, ei hemmeleg dagbok pluss skisser og notat ho hadde gjort frå ho lærte å lese som fireåring. I Sveits må ho starte på nytt som analfabet; ho kan verken snakke, lese eller skrive fransk.
Flyktningstatus
Denne grunnleggjande og allmenngyldige røynsla som flyktning er botnlina i Analfabeten, utgitt på fransk i 2004. Det er ein djupt personleg og sjølvbiografisk refleksjon kring språk og identitet kopla opp mot migrasjon og skifte av heimland, skrive ut i eit korthogd språk og komprimert i elleve kapittel innanfor 50 boksider.
Dei ungarske flyktningane blir tatt godt imot i det nye heimlandet, dei blir tildelte husvære, får arbeid og tilgang til dei sosiale goda som finst. Likevel tenkjer Kristof: «Hvordan ville livet mitt ha vært hvis jeg ikke hadde forlatt hjemlandet mitt? Vanskeligere, fattigere, tror jeg, men også mindre ensomt, mindre opprevet, kanskje lykkelig.»
Og ho tenkjer vidare, etter ein samtale «med den lille fransken jeg kan, at det vakre landet hans bare er en ørken for oss, flyktningene, en ørken vi må krysse for å nå fram til det man kaller ’integrering’, ’assimilasjon’».
Det tar mange år før ho slår seg til ro og finn seg til rette i det nye landet og det nye språket. Andre greier ikkje overgangen og reiser tilbake til Ungarn eller vidare til USA, Canada eller «enda lenger, så langt man kommer, til den andre siden av den store grensen. (…) Den yngste var atten. Hun het Gizella».
Omskrivingar
Ho fekk etter kvart eit rutinearbeid i ein klokkefabrikk der ho kunne la tankane flyge og formulere dikt, replikkar og dialogar som ho reinskreiv på kveldstid og samla og redigerte til teaterstykke og framføringar i radio.
Etter tallause omskrivingar og flittig bruk av ordbøker sit ho omsider med eit manuskript som blir første del av Tvilling-trilogien, Tvillingenes dagbok, utgitt på det renommerte Paris-forlaget Éditions du Seuil i 1986 og omsett til norsk i 1987 ved Willy Flock. Beviset og Den tredje løgnen blei også omsette av Willy Flock og utgitt på Aventura Forlag, og det er Flocks omsetjingar som ligg til grunn for relanseringa av Agota Kristof i 2019 og 2020, i lett revidering.
Stilistisk er det tette band mellom Tvilling-trilogien og Analfabeten, noko Simon Stranger også peiker på i etterordet. Det enkle språket, dei korte setningane, den bitre ironien er typisk for Kristof. Skildringa av Stalins død i mars 1953, da Kristof var elev ved ein internatskole i Ungarn, er kosteleg lesing: «Det er obligatorisk å være lei seg», heiter det, og klokka elleve skal skoleklokka ringe til ære for den døde landsfaderen, men klokka elleve er det søppelbilen som ringer, og alle reiser seg…
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den grunnleggjande og allmenngyldige røynsla som flyktning er botnlina i Analfabeten.
Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Foto: Universitetet i Bergen
Nord-Noreg ord for ord
Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.
Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.
Foto: Anja Bakken
Tru og tvil
Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?