Bok

Sporhunden

Det er forsvinnande lite å utsetje på Terje Holtet Larsens siste roman.

Terje Holtet Larsen vender attende til forsvinningsnummeret som tema i den nyaste romanen sin.
Terje Holtet Larsen vender attende til forsvinningsnummeret som tema i den nyaste romanen sin.
Publisert

Forsvinninga er eit vanleg motiv i Terje Holtet Larsens bøker, enten det gjeld hovudpersonen eller andre. Det som kan verke forlokkande på personane (eller på forfattaren), er å sleppe unna, gå opp i røyk, det er sjølve forsvinningsnummeret, eller undringa på om noko slikt lar seg gjennomføre. Sjølvutslettinga kan vere både ei drivkraft og eit eksperiment hos Larsen.

Flukt

I Oppskrittingen av et indre landskap finn vi hovudpersonen, forteljaren, i eit bingolokale, der han overhøyrer to menn i samtale. Jesper Graff blir skulda av B.K. Krüger for berre å ha forsvunne i lause lufta midt i ein spelejobb med dansebandet Café Sahara for tjue år sidan. No synest den tvilsame bandleiaren at Graff kan gjere opp for seg ved å gjere han ei teneste. Alt dette blir altså formidla av «vår mann», gjesten som sit i nærleiken og plukkar opp informasjonen med eit lite tiltalande karbonadesmørbrød framføre seg som påskot for å bli sitjande.

Han er sjølv ein mann som lenge «hadde søkt tilflukt i flukten», og når han etter ei stund følgjer etter Jesper Graff gjennom byen, skrittar han på ein vis opp både sitt eige og Graffs indre landskap, jamfør tittelen. Graff fortonar seg også etter kvart som eit slags alter ego av hovudpersonen. Forfølgjaren skildrar seg sjølv som ein mann med «hjemløsheten i blodet», ein som ikkje har noko ønske om å omgåast dei «fornuftige og veltilpassede» som er opptatt av fast eigedom og økonomisk tryggleik. Det ligg ein lågmælt, men trassig protest i dette, som teiknar eit bilde av ein romanperson som ikkje tenker eller lever på A4-vis, og som dermed heller ikkje utgjer nokon føreseieleg karakter. Som lesar anar ein ikkje kvar denne romanen skal, eller kvar forteljaren skal, noko som gjer han spennande og frisk å følgje.

Snurrig

Å la hovudpersonen betrakte to andre personar er eit scenario som passar ein forfattar som Larsen med hans observerande og fabulerande stil. På mange måtar inntar mannen han har plassert bak karbonadesmørbrødet, rolla som ein slags sportskommentator, som sjølv ikkje veit kva som skjer før han ser hendingane og set ord på dei.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement