Bok
Spor av handverk
Du verda, for ei bok! Tung, tjukk, med tekst og mange fotografi. Ho handlar om handverk i Namdalen, landskapet lengst nord i Trøndelag.
To skrin og eit drikkekrus, alle rosemåla, kruset venteleg måla av Aron Enarsson, skrina av ein annan, inspirert av Sivert Hansson. Nordli museum.
Boka er med i ei rekke på 14 band om Handverk i det nordenfjeldske, den delen av Noreg som strekker seg frå Dovre til ishavet. Dette er band nummer 3, det første som er kome ut. Heile verket byrjar med Finnmark og Troms, går sørover og endar med Møre og Romsdal og ein sving innom Svensk Norrland. Flest band er det frå Trøndelag.
Kvar av dei tolv kommunane i Namdalen før samanslåinga har fått eit kapittel, og to kommunar lenger sør, Lierne og Snåsa, er også med. Namdalen er frå gamalt av eit sørsamisk kulturområde, men der er det mindre av kjelder og bevarte gjenstandar. Sidan eg ikkje er kjent i Namdalen, skulle eg gjerne ha sett eit tilpassa kart i boka.
Dette er først ei bok for folk i dei ulike bygdene i Namdalen. Men verket er stort tenkt og vil nok nå utover det lokale. Meininga er å bevare kunnskap om handverkarar i eit veldig område og syne fram eksempel på arbeidet deira.
Brei innføring
Forfattar og opphavsmann er Jon Suul. Han er arkitekt med doktorgrad og har vore opptatt av kulturvern heile livet. Forlaget fortel at han begynte å samle stoff i 1984, altså for 36 år sidan. Han har farta frå stad til stad som ein oskeladd: Eg fann! Eg fann! Så vart det bøker av det. Det er gjort eit grundig og omfattande arkivarbeid og utrøytteleg arbeid med oppsporing av opplysningar og gjenstandar. Vi kan bla oss gjennom kommune etter kommune i Namdalen, lese om handverk og handverkarar på kvar stad. Slik kjem det fram ei brei innføring i handverk med lokal forankring.
Dei fleste handverkarane i boka var snikkarar. Andre var målarar, og nokre var smedar. Sjølvsagt fanst det handverkarar som ikkje er med her, som skomakarar, skreddarar og andre som det ikkje er ting etter. Ikkje alle handverkarane høyrde til i bygda. Det var handverkarar som reiste rundt og selde ting dei hadde laga. I Nærøysundet i nord og på Melen i Overhalla var det livleg marknadshandel. Dit kom det handverkarar lange vegar. Det kom handverksprodukt frå Trondheim, frå Bergen og Vestlandet, frå Jämtland i Sverige og frå andre stader i Vest-Europa. Dessutan samiske produkt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.