JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Spennings­roman eller sosialhistorie?

Sosialhistoriske spørsmål får stor plass, men boka kan lesast som ein roman.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5297
20191018
5297
20191018

Historie

Bodil Stenseth:

Fru Muus’ klage. Ekteskapsskandalen som rystet det norske Amerika

Forlaget Press

På omslaget vert Fru Muus’ klage presentert som ei historie om kjærleik, tru, svik og utvandring, eit veritabelt «ibsensk drama på prærien». Både undertittelen, «Ekteskapsskandalen som rystet det norske Amerika», og portretta av Oline og Bernt Muus som unge gir hint om at Bodil Stenseths bok kan lesast som ein roman.

Prologen følgjer opp dette. Her kjem ei dramatisk skildring av tilhøva den dagen i februar 1880 då tre kyrkjelydar (synoden) i Goodhue County i Minnesota skulle halde ope møte for å diskutere ekteskapet mellom pastoren sin, Bernt Muus, og kona hans. Ho hadde skulda han for åndeleg mishandling og for ikkje å ta omsyn til hennar og barnas behov, slik at dei knapt hadde mat og klede, endå han hadde pengar nok på bok. Denne klagen skreiv ho i kjølvatnet av at ho hadde saksøkt mannen ved amerikansk rett for å ha overtatt farsarven hennar.

Spørsmålet om farsarven var ei sak for domstolen. Spørsmålet synoden måtte ta stilling til, var om Bernt Muus etter denne klagen kunne halde fram som pastor, trass i den grunnfesta stillinga han hadde i kyrkjelyden sin og i samfunnet elles, som ein streng, religiøs debattant og som stiftaren av det norske St. Olaf College. Dessutan måtte synoden avgjere om fru Muus skulle setjast under kyrkjetukt for ikkje å bøye seg for ektemannens vilje og formaningar, slik han kravde og Bibelen føresette. Meiningane i kyrkjelyden var delte: Måtte ei hustru følgje mannens bod i alt og vere som ein slave for han, eller hadde ho til ein viss grad fri vilje og stod til ansvar berre for Gud? Skulle dei skiljast? Her er det lagt opp til ein røyndomsnær, skandaløs thriller.

Større samanheng

Men denne forventninga vert ikkje innfridd, sjølv om historia om Oline og Bernt Muus er ein raud tråd gjennom boka. Bodil Stenseth vil setje problema deira inn i ein større samanheng, som omfattar amerikansk kontra norsk ekteskapslovgiving, kvinnesaka si stilling i dei to landa og konvensjonane i dei lutherske kyrkjesamfunna i USA. Desse sosialhistoriske spørsmåla får stor plass, ikkje minst i samband med debattane i synoden. Her gir Bodil Stenseth dessutan så lange og detaljerte referat frå både norske og amerikanske aviser som rapporterte frå saka, at lesaren kan få vanskar med å følgje med. For saka hadde fått stor merksemd også i Noreg.

Det er kjent nok at likestillinga mellom menn og kvinner var komen mykje lenger i USA enn i Noreg i 1880-åra. Inntil 1888 var gifte kvinner umyndige etter norsk lov. Dei kunne ikkje rå over eigne inntekter eller formue, medan gifte kvinner hadde slik råderett i mange amerikanske delstatar, blant anna i Minnesota. Dette vart eit juridisk dilemma i rettssaka mellom ekteparet Muus.

Dessutan var dei lutherske samfunna i USA ekstremt patriarkalske. Kvinner hadde ikkje høve til å ta del i kyrkjelydsavgjersler eller ta ordet i møta deira. Bernt Muus vart etter kvart svært konservativ i religiøse spørsmål. Han innførte obligatorisk skriftemål og kyrkjetukt, noko som langt på veg var avskaffa i gamlelandet. Og han heldt som nemnt fast på dogma om kvinna si umyndige stilling i ekteskapet.

Han sende òg barna sine til norskspråklege, lutherske skolar, for berre via morsmålet kunne dei lære om kristendomen. Dessutan var dei amerikanske skolane sett på som heidenske av di dei ikkje gav religionsundervisning. Bodil Stenseth peiker på at religiøs praksis blant migrantar flest blir meir konservativ og ofte knytt til nasjonalisme. Slik var det òg i dei norske nybyggjarsamfunna.

Oline Muus måtte og burde finne seg i alt dette. Difor var det uhøyrt og provoserande både at ho gjekk til det skrittet å saksøkje mannen sin for at han mot hennar vilje disponerte over den norske farsarven hennar, og at ho skreiv ein klage til synoden over mannens framferd mot henne og barna.

Eit umake par

Kanskje hadde Bjørnstjerne Bjørnson rett i at Oline og Bernt Muus ikkje passa saman og burde skiljast, som han skreiv til Karoline då han vitja paret vårvinteren 1881. Fru Muus verka slett ikkje som noko offer, slik han hadde trudd: Ho var tjukk og uflidd, ho var «kvikk», men «baus», eit ordentleg «bergtrold» – det måtte vere hennar skuld at ekteskapet ikkje var lukkeleg. Men det var pastoren som var den skuldige i folkeopinionen, meinte Bjørnson.

Fru Muus’ klage gir ikkje mange haldepunkt for å døme: Kjeldene seier ikkje stort om tilhøvet mellom ektefellane eller korleis dei var som menneske. Det vesle glimtet Bjørnson gir av fru Muus, er difor interessant. Bodil Stenseth skriv elles at ho var godt likt i kolonien, venleg og hjelpsam. Pastor Muus vart oppfatta som ein streng og autoritær kranglefant. Det er derfor overraskande at han lét dottera Birgitte bli buande heime med ein son som ho hadde fått utan å vere gift.

Mykje har vore skrive om saka Muus versus Muus gjennom tidene, både av fiksjon og sakprosa. Det nye i Bodil Stenseths bok er den vekta ho legg på rettsprosessane og samfunnstilhøva som styrte dei.

Jorunn Hareide

Jorunn Hareide er professor emerita i nordisk litteraturvitskap og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fru Muus’ klage gir ikkje mange haldepunkt for å døme.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis