Bok

Spenning i Syden

Det knyter seg visse forventningar til ein ny ungdomsroman frå Terje Torkildsen. Forfattaren har ein uttalt ambisjon om å skrive for dei som ikkje likar å lese. Ofte understrekar han at den retoriske kvaliteten, det å kommunisere med lesaren, er viktigare enn den litterære kvaliteten når han skriv for ungdom.

Ramma er som følgjer: Carlo og mora gler seg til ein roleg ferie i Syden, men den vesle kanariøya viser seg å vere full av skumle typar og store mysterium.

Boka er ein pageturner med pirrande ingrediensar: stor spenning og søte damer.

Torkildsen balanserer kyndig mellom framdrift og ytre drama på éi side, og skildringa av eg-personens opplevingar og refleksjonar på ei anna. Carlo er ein interessant og truverdig hovudkarakter, det er verre med mor hans. Med glimt i auget skriv Torkildsen ut ein grov klisjé av ei kunstnarmor, men han smør for tjukt på. Karikaturen er kanskje komisk, men ikkje særleg kreativ. Også resten av persongalleriet har liknande, karikerte roller.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement