JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Spennande nytt stoff om Englandsfarten

Eit nytt blad av Vestlandets krigshistorie er skrive.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Mannskap om bord i «Bergholm».

Mannskap om bord i «Bergholm».

Foto: Geir Arne Midtgaard

Mannskap om bord i «Bergholm».

Mannskap om bord i «Bergholm».

Foto: Geir Arne Midtgaard

3987
20230929
3987
20230929

Sakprosa

Asgeir Ueland:

Bergholm. Historien om båten fra Shetlandsgjengen

Bergholmane forlag

Boka Bergholm gjev oss ein nærstudie av fiskeskøyta «Bergholm» av Måløy (1911–1943) og det vekslande mannskapet hennar, bakgrunnen til eigaren og lokalhistoria omkring, og især då kva båten fekk å seie for Shetlandsgjengen i nokre krigsår.

Asgeir Ueland har alt gjort ein stor innsats for auka forståing av krigshistoria som har vorte lagt godt merke til, med bøkene sine om Tungtvannsaksjonen (2013) og Shetlandsgjengen (2017). Om Shetlandsgjengen skreiv Bjørn Gabrielsen i Dagens Næringsliv at «ingen krigsbokhylle er komplett uten denne». Det var nemleg fyrste gong etter alle dei år at det vart skapt ei samlande framstilling om Shetlandsgjengen og deira rolle i Englandsfarten: forrykande full av spennande, detaljerte skildringar og med eit vell av kjeldetilvisingar som interesserte kan gå vidare på.

Reiser eit Monument

Som eg hadde høve til å diskutere med eit klokt menneske her om dagen: Det er ikkje slik at det som hende på kysten, om det så er i Vestfold, og rundt heilt til Kirkenes, vart like godt lagt merke til som aksjonane i og omkring osloområdet. Fiskarar, sjøfolk og andre som vart involverte i motstandskamp på land eller til sjøs, har på ingen måte fått den merksemda dei burde ha fått. Dei var liksom tilfeldigvis der.

Ueland reiser eit monument over heilt alminnelege folk som friviljug gjekk i teneste for å motarbeide okkupasjonsmakta, under farefulle omskiftingar. Ikkje alle klarte seg gjennom krigen av dei som var om bord i «Bergholm» ved ulike høve. Framstillinga er nennsam, respektfull, men innlevande og med god bruk og drøfting av skriftlege kjelder som eksisterer, så vel som munnleg formidla minne. Vi manglar ein minnepolitikk i Noreg, fleire bøker som liknar på denne, kan kanskje lokke fram noko som liknar.

I boka om Shetlandsgjengen skapte Ueland eit stort mønster og ein tett kontekst for verksemda til dei modige folka som våga livet for å berge andre. Shetlands-Larsen har fått statue og er framleis nokså kjend, ikkje mange av dei andre. Nokre av dei dukkar likevel opp igjen her og plasserer seg i ei forteljing med mange omkastingar, som gjer at vi skjønar meir av kva dei vart utsette for, og motivasjonen deira, og kor prekært alt alltid var.

Vi startar med bakgrunnen til familien Vetvik i det karrige landskapet på Bremangerlandet i Nordfjord. Soga har mange fasar der båten vart kverrsett av britiske styresmakter og marinegrupper eitpar gonger, dreiv fiske ved Island, kom attende til Lerwick på Shetland og full integrering av båten «Bergholm» og eigar i den allierte krigsinnsatsen. Det vert fortalt nokså detaljert korleis den eingong stolte fiskeskøyta sokk etter bombeåtak 21. mars 1943.

Lærerikt og rørande

Vetvikfolket var «en familie med drive, en gjeng som så etter nye muligheter hvor de enn dukket opp», seier Ueland. Og denne evna til å finne nye utvegar og sjå kva som var mogleg, karakteriserte alle dei som dreiv Englandsfarten; her vert vi kjende med mange som i kortare eller lengre tid var mannskap på «Bergholm», ein sjeldan gong også konene og kjærastane deira. Dette er verkeleg å gje historia kjøt og liv – og spenning.

Særskilt set eg pris på forteljemåten: Her ligg ikkje lagnaden fast, men alle omstenda og alle vala skaper skifte som får uventa fylgjer, og korleis då menneska som står midt oppe i alle desse utfordringane på hav og land, der livet konstant er truga, vert truverdig framstilt, heilt utan store ord og fakter, men roleg og sakleg, slik at stordommen i dei vala som vart gjorde, og dei liva som vart førte, syner seg fram nærast av seg sjølv. Velgjord, lærerikt og rørande.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Ueland reiser eit monument over heilt almin­nelege folk som friviljug gjekk i teneste.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Etter valet i 2016 blei det vanleg å seie at Trump vann fordi folk hadde oversett kjenslene til den kvite arbeiderklassa. Er biletet eit anna i denne omgangen?

Foto: Dustin Chambers / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Overkorrigeringa

NEW YORK: Mark Lilla fekk enorm merksemd for sin diagnose av presidentvalet i USA i 2016. Eg oppsøker han for å få oppdaterte psykologiseringar av den amerikanske folkesjela anno 2024.

Ida Lødemel Tvedt

Med jamne mellomrom legg Riksrevisjonen, her representert ved riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fram undersøkingar med nokså hard kritikk av korleis vedteken politikk vert gjennomført av forvaltinga.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Eit spørsmål om kontroll

I rapport etter rapport kritiserer Riksrevisjonen statlege institusjonar for feil og manglar. Men kva kjem det eigentleg ut av kritikken?

Odd Nordstoga slo gjennom som soloartist i 2004. No har han skrive sjølvbiografi.

Foto: Samlaget

BokMeldingar
ArildBye

Ein av oss

Odd Nordstoga skriv tankefullt om livet, ut frå rolla som folkekjær artist.

Stian Jenssen (t.v.) var alt på plass i Nato då Jens Stoltenberg tok til i jobben som generalsekretær i 2014. Dei neste ti åra skulle dei arbeide tett i lag. Her er dei fotograferte i Kongressen i Washington i januar i år.

Foto: Mandel Ngan / AFP / NTB

IntervjuSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nato-toppen som sa det han tenkte

Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.

Feature

Greske byggjeklossar

Eg dreg til Kreta og lærer om skilnaden på tyske og britiske turistar.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis