Bok
Spanske fluger og kinesiske flaggermus
Christensen prøver seg på samfunnskritikk, men endar i farsefella.
Lars Saabye Christensen skriv om byråkraten Gordon Mo.
Foto: Magnus Stivi
For nokre tiår sidan var det populært med såkalla farseteater, ein type forviklingskomedie, Den spanske flue er eit kjent slikt stykke.
Sitcom, eller situasjonskomedie, er varianten tilpassa fjernsynsskjermen som har gått sin sigersgang i snart femti år og framleis trekkjer mange sjåarar.
Ifølgje Wikipedia er ein farse eit komisk teater- eller filmstykke som prøver å underhalde publikum med usannsynlege og ekstravagante situasjonar, forklednader og skjulte identitetar i tillegg til verbal humor med varierande grad av sofistikert innhald.
En tilfeldig nordmann har alle desse kjenneteikna. Om ein kan finne denne typen tekst underhaldande, er det alltid ein fare for at komikken blir gåande på tomgang. Sjølv med eksentriske karakterar og absurde situasjonar er det krevjande å halde stilen og nivået gjennom ei heil førestilling eller ein lang roman.
For mykje av det gode
Gordon Mo er snart 60 år gamal og tilsett i Landbruksdepartementet. Han har korkje vener eller fiendar, av familie har han berre ei gamal mor ingen lenger får kontakt med. Han er klisjeen av ein byråkrat, grå og føreseieleg. Men han hadde ikkje vore hovudperson i ein Christensen-roman om han ikkje var sær.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.