Bok

Spanande om haien og havet

Spør du eit barn korleis ei god bok skal vere, får du svar: spanande og morosam.

Mange likar også å lese om det som – sagt i barnlege ordelag – er «på ekte», altså stoff som finst i fagbøker.

Hai! oppfyller alle desse tre ynska. Vi får dykke ned, djupt under vassflata, der kvithaien luktar blod på lang avstand. Henning Røed er marinbiolog og deler fascinasjonen over det utrulege livet i havet med den vesle lesaren.

Boka er prega av kunnskapsoverskot og formidlingsglede, likevel ville ho vore betre med eitt av to: anten tydelegare dramaturgi eller klarare struktur. Utvalet verkar tilfeldig samansett og har eit sensasjonsorientert fokus på den fryktelege kvithaien.

På ei anna side kan lesinga liknast med å reise med havstraumane. Vi anar ikkje kva som møter oss nede i det blå djupet. Vakre, detaljrike fotografi understrekar kjensla av å reise innover i det ukjente.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement