Bok

Sosialisme og sjalusi

Simone de Beauvoir skriv om aldring og parforhold.

Simone de Beauvoir (1908–1986) var filosof og forfattar.
Simone de Beauvoir (1908–1986) var filosof og forfattar.
Publisert

Simone de Beauvoir er sjølvsagt kjend som ein av dei aller viktigaste feministane i det førre hundreåret, mellom anna for det som vart eit standardverk for feministisk filosofi: Det annet kjønn. Den franske feministen skreiv også fleire skjønnlitterære verk.

For Pax har Gøril Eldøen omsett det dei kallar ein kortroman, men som kanskje meir korrekt kan heite ei langnovelle, då teksten har tydelege novelletrekk: Handlinga skjer over nokre få dagar, på ein avgrensa stad med få personar – og sentrert rundt eitt eller to tydelege tema. Opphavleg skulle teksten ha vore med i novellesamlinga La Femme rompue frå 1968.

Beundring for Sovjet

Vi er i Sovjetunionen mot slutten av 1960-åra. Det franske ekteparet Nicole og André, seksti og sekstifire år gamle, er på reise i Moskva og andre russiske byar. Dei er turistar med spesiell interesse for Sovjet, og i tillegg besøker dei Andrés vaksne dotter, Masja, som har gjort russar av seg.

Paret høyrer til venstresida politisk, menneske som trass i dei absurde og negative utslaga av den sovjetiske politikken som dei uunngåeleg støyter på, er faste i trua på at «sosialismen ville bli en realitet til slutt». Dette var like før invasjonen av Tsjekkoslovakia, ei hending som for mange med dei same sympatiane som Nicole og André førte til eit brot med denne trua.

Som eit tidsbilete er boka difor svært interessant, det gjeld også synet på alder. Å vere seksti pluss var noko anna i 1967 enn det er i dag – heldigvis. Det blir gjentatt fleire gonger at Nicole kjenner seg som ein «gammel pensjonist», det vil seie – ho er framleis full av verkelyst, men kjenner seg parkert, på sidelinja. At ho framleis har mykje å bidra med, skulle berre mangle, vil vi tenkje i dag, ho er altså seksti år. Også André fryktar alderdomen. Sjølv om han er ein noko meir sorglaus type enn Nicole, har han gjentatte mareritt om at tennene hans fell ut.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement