JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Sorgas psykologi

Max Porter skildrar sorg og sakn frå mange innfallsvinklar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Max Porter arbeider som redaktør i eit britisk forlag og debuterer med ein roman om sorg.

Foto: Cappelen Damm

3210
20170609
3210
20170609

Roman

Max Porter:

Sorg er den greia med fjær

Cappelen Damm

Britiske Max Porter (f. 1981) har hatt stor nasjonal og internasjonal suksess med den vesle debutromanen som kom for to år sidan, Grief is the thing with feathers, no på norsk ved Arne Ruste. At Arne Ruste er omsetjaren, er ikkje tilfeldig, sidan han ved fleire høve har omsett Ted Hughes. Når Max Porter skriv i ein slags dialog med Hughes diktsamling Crow (1970), der han skriv ut sorga over tapet av Sylvia Plath, er det naturleg, i og med at begge bøkene på ulikt vis sirklar inn sorgas psykologi.

Ein ung far sit att med to søner etter at kona plutseleg døde. Alt blir snudd opp ned, alt stansar, sorga og lengten verkar lammande, før eit beist av ei kråke plutseleg invaderer husværet og tar styring og retning i arbeidet med å stable den vesle familien på beina igjen. Ho gir klare meldingar: «Jeg forlater deg ikke før du ikke lenger trenger meg.» Som kråke og åtselfugl har ho ein særmerkt kvalitet: «Vi kan (…) fortære sorg.»

Gripande scener

Ho blir i familien, til og frå som fantasifugl i mange år, og ho opptrer frekt, sarkastisk, morosamt, leikent, omsorgsfullt og terapeutisk. Ho leiker med språket, lagar nye ord og ordspel, fortel eventyr, går ut og inn av draumar og myter der kråker har sin symbolverdi, og med jordnær realisme hankar ho inn faren når lengten tar overhand: «du låter som en kjøleskapsmagnet».

Teksten er fordelt på tre stemmer: faren, gutane og kråka. Tidsramma og kronologien er relativt laus og strekker seg langt inn i farens alderdom og gutanes vaksenliv, men i hovudsak dreier det seg om dei første åra etter at kona døde. Det er djupt gripande scener som med enkle grep fangar inn det saknet dei lever i: «Vi pisset på setet. Vi lukket aldri skuffer. Vi gjorde slike ting for å savne henne, for alltid å ønske henne.»

Faren, som er akademikar og ekspert på Ted Hughes, arbeider med ei bok om det store forbildet, ei bok som «vil appellere til alle som er kvalme av Ted & Sylvia-arkeologien», og gutane leverer ei herleg historie, ei urforteljing i familien, om farens møte med Ted Hughes i Oxford, eit møte fylt av ein 18-årings beundring og sjenanse.

Djupn og perspektiv

No er det ikkje berre Ted Hughes som lurer i kulissane hos Max Porter; også Emily Dickinson er med på ein fiks måte i innleiingsdiktet der ordet «Love» er skifta ut med «Crow», og tittelen spelar opp til Dickinsons kjente dikt «Hope is the thing with feathers». Dette intertekstuelle hos Porter gir djupn og perspektiv ut over sjølve grunnteksten, og også sluttscenen med oskespreiing gir assosiasjonar i retning Graham Swifts Last Orders, Bookerpris-vinnaren frå 1996. I det heile tatt: Max Porter, redaktør av tidsskriftet Granta, synest å vere ein mann med mange referansar innanfor den engelskspråklege litteraturen.

Les ein for fort, er det mykje som går hus forbi, men ved andre og tredje gongs lesing, fell ting på plass, og Sorg er den greia med fjær blir til ei bok som er atskillig større enn dei 123 sidene teksten er fordelt på.

Oddmund Hagen

Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Les ein for fort, er det mykje som går hus forbi.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.

Foto: Prime Video

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Moro for middelklassen

Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis