Bok

Sorga er livets materie

McCarthys bøker rommar så mykje at dei helst bør lesast fleire gonger.

To nye bøker av Cormac McCarthy kom på norsk i fjor.
To nye bøker av Cormac McCarthy kom på norsk i fjor.
Publisert

Den snart nittiårige Cormac McCarthy kom med to nye bøker som kom på norsk på tampen av fjoråret, meisterleg omsette av Knut Ofstad. Romanane høver i hop, som søsken, blir det sagt. Bøkene handlar også om to søsken. Eg vil tru at også Stella Maris er særs leseverdig, men skriv her berre om Passasjeren.

Amerikanaren McCarthy fekk eit stort namn i den litterære verda på 1990-talet for romanar og noveller frå ei barsk amerikansk røynd, skrivne i ein suggererande stil. Den som har lese – eller eventuelt sett filmatiseringa av – den postapokalyptiske Veien frå 2006, gløymer det ikkje. At forfattaren også har sans for slåande replikkar, hadde eg gløymt. Tematikken er likevel minst like smertefull og alvorsam som i tidlegare utgivingar.

Fysikk og faenskap

Passasjeren tar opp i seg dei største brutalitetane i det førre hundreåret: Auschwitz og Hiroshima, han er også innom eit viktig smertepunkt i amerikansk politisk historie, drapet på John F. Kennedy. I tillegg er her stadig referert til avanserte teoriar om fysikk og matematikk, visstnok inspirert av Santa Fe-instituttet i New Mexico der forfattaren sjølv har vanka i seinare år.

Sjølve hovudhandlinga er likevel lett å følgje. Bobby Western er 37 år gamal og bur i New Orleans på byrjinga av 1980-talet. Jobben hans er som bergingsdykkar å finne ut kva som har hendt med skip og nokre gonger fly som har hamna på havsens botn. Tidlegare har han vore racerbilsjåfør i Europa. På jobb på eit flyvrak ei natt kjem han over eit mysterium, ein mørk løyndom som aldri blir oppklart, som fører til store problem for Bobby.

Men romanen byrjar ein annan stad: I eit vinterlandskap heng ei ung kvinne og dinglar i eit tau. Det er syster til Bobby. I korte kapittel og med ujamne mellomrom gjennom heile romanen er vi innom henne og dei hallusinatoriske venene hennar. Dei er ein heil sirkustrupp, meir avdanka enn friskt underhaldande, i alle fall for Alicia, som systera heiter.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement