Song frå Sunnmøre
Terje Aarset har arrangert 60 songar for blandakor eller for song og piano.
Sakprosa
Terje Aarset:
Nu rinner solen opp. 60 arrangement gjennom 30 år
Norsk Musikforlag
Terje Aarset (f. 1945) har den sjeldne kombinasjonen av språkforsking på høgt nivå og musikk på høgt nivå. Han er professor emeritus i norsk språk ved Høgskulen i Volda, og han har arbeidd med Ivar Aasen, med namnegransking og med den nynorske songskatten.
I føreordet til denne notesamlinga fortel han om ein oppvekst med blokkfløyte, trompet, piano, felespel, gamaldans, korsong og strev etter ei formell musikkutdanning, som ikkje lukkast. Likevel har han teke for seg fleire hundre songar og særleg folketonar. Om lag halvparten av denne utvalde samlinga på 60 arrangement er for kor, og resten er for song og piano og for ulike instrument.
Delikat fornying
Aarset er eit interessant døme på at sjølv utan doktorgrad kan ein verta språkprofessor, og utan mastergrad frå musikkhøgskule kan ein verta ein god arrangør. Prøving, feiling og praksis gjev kompetanse, og Aarset har hatt den lukka at satsane hans er vortne prøvde ut og har stått på programmet for kor og musikarar gjennom mange år. Det er nok ei hjelp for opphavsmannen å bu på Sunnmøre, kan hende det rikaste songmiljøet i landet, med Ørsta og Volda som fruktbare senter.
Ivar Aasen-spesialisten Aarset har naturleg nok inkludert ei rad med tekstar av Aasen, men også av mellom andre Blix, Sivle, Hovden og Sande. Mange av tekstforfattarane og komponistane har røter på Sunnmøre, og det gjer samlinga til ei gullgruve nettopp der. Men her er også mykje å henta for heile Kor-Noreg.
Fleire av songane finst frå før i originalsatsar, til dømes «Nordnorsk julesalme» av Trygve Hoff og «De hyrder stirret» av Kjell Mørk Karlsen. Om ein samanliknar med originalen, gjev Aarset desse ei delikat fornying med varsame tilsetjingar av ekstra harmonisk krydder som gjev ein frodig verknad. Denne type harmonisering er typisk også for dei andre satsane, ei tradisjonell koralharmonisering med ein medviten bruk av romantiske effektar og med god stemmeføring. I stil knyter han seg til 1900-tradisjonen frå Eyvind Alnæs fram til til dømes Sigvald Tveit.
Ei gullgruve
Dei mange folketonane er ei gullgruve for dei som leitar etter slikt, og det er det mange som gjer, også i den yngre generasjonen av utøvarar. Dei religiøse folketonane er ofte variantar av dei offisielle melodiane frå salmeboka gjennom tidene. Dei mange variantane er eit godt døme på sterke songarar, både kvinnelege og mannlege, i eit vidstrakt land med spreidd busetnad.
Eit interessant døme er Brorsons juletekst «Mitt hjerte alltid vanker» som har fått ein renessanse i seinare år til ein svensk-norsk folketone. Hos Aarset står den i eit avansert og vellukka arrangement til ein folketone frå Sykkylven som har store felles drag med den kjende «Med Jesus vil eg fara». Dette er merkeleg nok ikkje identifisert og kommentert av Aarset.
Bibliografien er elles førebiletleg med god dokumentarisk informasjon om bakgrunnen for kvar enkelt song.
Torkil Baden
Torkil Baden er kritikar, forfattar og kyrkjemusikar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.