Bok

Soltilbedarar i sjeleleg skuggeland

Birgit Alm viser fram tilværet til ei gruppe «expats» med meiningstomt liv.

Birgit Alm har skrive tre romanar sidan debuten i 2016.
Birgit Alm har skrive tre romanar sidan debuten i 2016.
Publisert

Birgit Alm har frå før to romanar på samvitet. Som forfattar plasserer ho seg innanfor ein sosialrealistisk tradisjon der samfunnet blir sett nedanfrå med eit kritisk blikk. De fremmede er ikkje lystig lesnad. I ei tid då mange saknar å skulle reise til «Syden» på sommarferie, kan denne dystre skildringa av vrangsida av ferieparadiset vere ein effektiv kur. I alle fall blir ein ganske vaksinert mot ideen om å skulle opphalde seg som pensjonist, eller på andre måtar fristilt frå vanleg arbeidsliv, i ein spansk landsby.

Melankoli

I ein liten og sliten landsby utan attraksjonar litt innanfor kysten ein stad i Spania har ei gruppe utlendingar slått seg ned blant dei innfødde. Dei fleste av dei har rømt frå noko i heimlandet, økonomisk misleghald, brotne relasjonar, ei sorg. Dei har hatt eit håp om at eit tilvære under ei varmare sol enn den vi har her nord, skulle bringe noko nytt og livgivande. Slik gjekk det ikkje. Den draumen dei ein gong hadde om ein slags evig siesta under den spanske sola, har blitt eit mareritt fordi det ikkje er noko å ta siesta frå.

Det store fleirtalet er britar, men ei nordkvinne har òg ein sentral plass i soga. Ho skil seg ut ved å vere litt mindre prega av depresjon og innhaldsløyse enn dei andre. Teksten er bygd opp som ein kollektivroman, vi følgjer rundt ti personar i stadig skiftande perspektiv gjennom eit døgn.

Karakterane lever livet sitt på hotellromma eller i leigde hus og leilegheiter, mange av dei åleine, andre i nokså livlause familiekonstellasjonar. Ingen har det særleg bra med dei næraste, sjølv relasjonen til ein hund haltar for ein av dei. I lunsjen og på kveldstid søkjer dei seg til stamkafeen i sentrum av landsbyen for å døyve tørsten og den sterkaste kjensla dei har felles: einsemda. For nokre blir det altfor mykje alkohol, og ingen av dei finn det eller den dei søkjer. Det er berre er éin kveld som er skildra, men det kjem fram at denne kvelden og natta endar slik dei brukar, i fyllerør og krangel, tilfeldig sex, utruskap og brotne illusjonar.

Eksistensialisme

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement