JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Solid biografi

Biografien om Ludvig Mylius-Erichsen gjev eit godt bilete av viktige føresetnader for den særeigne danske polartradisjonen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kunstmålar Harald Moltke, tolk Knud Rasmussen og forfattar Ludvig Mylius-Erichsen på veg til Grønland i 1902 for å studere inuitkulturen. «Man må leve eskimoenes liv hos og med ham», forklarte Rasmussen før dei drog.

Det Kgl. Biblioteks billedsamling

5484
20180420
5484
20180420

Sakprosa

Janni Andreassen:

Ud hvor livet frister. Biografi om forfatteren og polarforskeren Ludvig Mylius-Erichsen.

Gyldendal (Danmark)

Det går ei grense ein stad ute i Framstredet. Danskane ser mot Grønland og nordmenn mot Svalbard og Barentshavet. Det påstår i alle fall vitskapsmenn når dei ikkje får støtte til forskingsprosjekt med eit breiare arktisk perspektiv, sidan styresmaktene er så opptekne av sitt Arktis at dei gløymer at havstraumane og sjøpattedyra ikkje bryr seg om slike grenser.

Eg trur også ein med rette kan hevde at me nordmenn heller ikkje er så opptekne av dansk og grønlandsk polarhistorie. Og truleg forsvann mykje av interessa vår etter tapet mot Danmark om Aust-Grønland i den internasjonale domstolen i Haag i 1933. Likevel: Danskane har Knud Rasmussen og Peter Freuchen. Dei har dei namngjetne Thule-ekspedisjonane. Dei har drøssevis med forteljingar om forskarar som reiste ut for å studere dei innfødde – og deira særeigne liv og kultur i verdas tøffaste klima. Og dei har ei vanskeleg kolonihistorie.

Grøndlandsekspedisjon

Og så har dei Ludvig Mylius-Erichsen. Ein av Danmarks mest ettersøkte menn. No har denne pioneren i den danske polare kulturforskingstradisjonen fått ein solid biografi.

Mylius-Erichsen var forfattar som skreiv med utgangspunkt i den heimlege vestjyske naturen. Han var journalist i den kulturradikale avisa Politiken, i krinsen rundt Edvard og Georg Brandes. Han vart i 1900 sekretær i Dansk Turistforening og organiserte eit studenttokt til Færøyane og Island. På denne turen, då han fyrst var på Island, fekk han ein idé: Kunne dei ikkje svinge bortom Aust-Grønland? Men impulsen stranda på meldingar om vanskelege istilhøve. Og det var fleire enn Mylius-Erichsen som vart skuffa om bord: Den 21 år gamle studenten Knud Rasmussen lengta attende til øya han hadde vakse opp på.

Men ideen var sådd. Utan annan arktisk kunnskap enn han hadde lese seg til, tok Mylius-Erichsen initiativet til ein Grønlands-ekspedisjon. Og han skulle vere noko nytt og anna. Han skulle ikkje ut og hente plantar- og steinprøvar. Han skulle studere folk. Og skrive om folk, livet og forteljingane deira. Difor samla han ein kunstmålar, ein lækjar, ein tolk og seg sjølv som sagaskrivar – og lanserte Den danske litterære Grønlands-Ekspedition. «En rejse på trods og på tværs af traditioner», som biograf Janni Andreassen kallar ferda. Ekspedisjonen varte i to år, og dei kom heile vegen nord til dei såkalla polareskimoane i område som seinare vart kjende som Thule – dit det danske kolonivesenet endå ikkje hadde nådd.

Sjofel handelsmoral

Mylius-Erichsen kom heim til København med ein bodskap som utfordra den koloniale samtida. Han argumenterte for at Danmark måtte skilje handelsmonopolet frå administrasjon av kolonien – «Man skammer sig over at tilhøre en stat, der praktiserer en så sjofel handelsmoral». Dei måtte samstundes ta folket meir på alvor: «Grønlænderne er et alt for levende folk til voldeligt at holdes som museumsgenstand af et så forholdsvis oplyst folk som danskerne... Lad os vinde disse 12.000 mennesker ind som borgere af verden.» Og skriveria hans fekk politiske verknader – og førte til ny lovgiving om skule og kyrkje på Grønland.

Men Mylius-Erichsen kom også heim med ambisjonar om ein ny ekspedisjon. Med ei gamal norsk fangstskute, omdøypt til «Danmark», drog han med 27 menn nordover Grønlands austkyst i 1906. Rasmussen vart ikkje med denne gongen. Men det var ein ung Peter Freuchen. Målet var å kome så langt nord som mogleg med skuta – og herifrå utforske den til no ukjende nordkysten av Grønland med hundespann.

Danmark-ekspedisjonen kom heim med nye kart over Grønland og mykje ny kunnskap. Men utan Mylius-Erichsen og to av reisekameratane hans. Grønlendaren Jørgen Brønlund vart funnen neste vår saman med dagboksnedteikningane sine og karta til ekspedisjonen. Mylius-Erichsen og Niels Peter Høeg Hagen vart aldri funne. Og det kom ikkje av mangelfull leiting i dei 110 åra som har gått. For kva som skjedde med desse tre karane under den dramatiske heimturen hausten 1907, har vorte «et stykke danskgrønlandsk historie, der i sin egen ret er blevet en myte».

Velskrive

Slik avsluttar Andreassen den velskrivne og fascinerande boka om Mylius-Erichsen. Ein mann som vart polarfarar trass i at han mangla «forskerens skarpe blikk». Han var ein drøymar og diktar – og «systematik har aldrig været en del af hans bagage». Ifylgje Andressen var han rastlaus og intelligent, og han kunne oppnå det utrulege når han fyrst brann for noko. Men han var samstundes omstridd. Også mellom mennene sine på ekspedisjonane.

Andreassen har skrive fleire bøker om danske grønlandsforskarar og kjenner feltet godt. Biografien om Mylius-Erichsen gjev eit godt bilete av viktige føresetnader for den særeigne danske polartradisjonen. Andreassen har ein lett penn og sans for dei gode formuleringane i kjeldene. Av og til tykkjer eg at utdraga frå kjeldene blir noko lange, og at ho i noko større grad skulle ha skrive om til eiga forteljing. På den andre sida er det skriveføre folk ho siterer frå. Me snakkar trass alt om karar som kalla ferdene sine for litterære ekspedisjonar.

Harald Dag Jølle

Harald Dag Jølle er forfattar, historikar ved Norsk Polarinstitutt
og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Andreassen har ein lett penn og sans for dei gode formuleringane i kjeldene.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis