Bok

Sofies verd

Ali Smiths forteljarglede gir overskot til alvoret.

Ali Smith har planlagt fire bøker i serien der to så langt er omsette til norsk.
Ali Smith har planlagt fire bøker i serien der to så langt er omsette til norsk.
Publisert

Ali Smith har motteke fleire prisar, og for Vinter vart ho nominert til ein politisk litteraturpris. I dette andre bandet av ein årstidskvartett held Smith fram med å skildre eit Storbritannia og Europa som verkar å vere i fritt og farleg fall mot eit mindre demokratisk samfunn. Verda har gått av hengslene, viktige verdiar verkar døde. Er det likevel håp?

På velkjend smithsk vis spinn forfattaren lange og mange trådar til kunst og litteratur inn i handlinga, og ikkje minst til politiske hendingar, historiske og nåtidige. Når det gjeld det storpolitiske, er Vinter eit framhald av Høst, som kom på norsk i fjor, men bøkene heng ikkje saman når det gjeld plot eller personar. Også Vinter har fleire forteljarar og fleire tidsplan, men dei er tydeleg skilde frå kvarandre. Boka står fram som relativt lettlesen, trass i kompleksiteten og den alvorlege tematikken.

Kammerspel

Vi er på ein diger eigedom i det sørvestlegaste hjørnet av Storbritannia. Cornwall er eit område med rike folkloretradisjonar, noko som blir eitt av mange bakteppe for handlinga. Sophie er ei rik, einsleg og einsam pensjonert forretningskvinne. Det er straks jul, og ho prøvar å ordne praktiske ting før det helgast, men er noko hjelpelaus i møte med ei utanverd som er blitt framand. Ho er i det heile ganske på randa, har omtrent slutta å ete. At sonen Arthur er på veg frå London, er mest til bry. Dei to har ikkje sett kvarandre på eit par år. I staden for å fortelje at kjærasten ikkje blir med (etter ein veldig krangel mellom dei to), hyrer Arthur inn ei framand jente han treffer tilfeldig, som «stand-in», for å sleppe vanskelege spørsmål frå mora.

Den fjerde personen i det som blir eit kammerspel, er syster til Sophie, som blir tilkalla når dei unge skjønar at Sophie held på å bryte saman. Heller ikkje mellom systrene er det nokon nær kontakt, og det manglar mykje før julefreden kan senke seg i det store huset. Forretningskvinna og den venstreradikale aktivisten greier i liten grad å gravlegge gamle strider. Det heile kan minne litt om eit Ibsen-drama, skuggar og skrømt frå fortida kjem til overflata.

Leikande overskot

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement