Bok
Sodoma og god moro
Romanen er ein fargerik kriminalkomedie i mursteinsformat.
Tore Rengberg er ein prislønt forfattar ned lesarar i 18 land, skriv forlaget.
Foto Signe Christine Urdal
Skjønnlitteraturen er utan fasit. Kvar bok har sine eigne normer og reglar, eller ingen slike i det heile. Leitar ein til dømes etter varsame ymt om substansen i alt, uttrykt ved ørsmå rørsler over ein boblande undertekst, i den nye romanen til Tore Renberg, har ein opna feil bok. Det meste ovrar seg på yta. Men romanen er samstundes ein godbit for alle som lengtar etter meir og stoff om Hillevågsgjengen.
Denne lesaren hungrar ikkje just etter nye evangelium om den fiktive underverda i Stavanger. Romanen har ingen eigentleg vaksen person å syna til, sjølv om dei fleste aktørane er godt over den kriminelle lågalderen. Dei lever på impuls, tyr til vald som problemløysing og har ikkje noko slikt tilhøve til nokon at dei kan teie i lag med dei. Dei snakkar tvert om heile tida og seier alt som fell dei inn, same kor uvesentleg det er, og sjølv om persongalleriet er stort og fargerikt, lever alle som om moral er den sure fetteren til morellen.
Underhaldande
Men underhaldande er det, og Renberg har gjort mykje for å få dei elles lite truverdige personane til å stå fram som individ ved å gje dei uventa haldningar og interesser. Stereotypien skal brytast opp, men vert stadfesta ved at interessene ikkje har hatt nokon verknad på karakteren.
Forfattarar skriv gjerne om gangsterar. Slike personar er alltid handlingsmenneske, og sjeldan haldningsmenneske, medan forfattarar er anten forhandlingsmenneske eller avhandlingsmenneske, med ein lengt etter å leggja av seg prefikset og fiksa livet, heller enn å fiska i andre sitt.
Renberg må ha hatt stor moro av å sleppa dei handlande fullstendig laus, både når lik frå tidlegare likvideringar skal gravast opp og ned, eller når Thor B. Halvorsen, far til den eigentlege hovudpersonen, Jani, kjem heim frå Junaiten med ideen til kva som skal verta den nye olja for Noreg, nemleg pornofilmen, og i den samanhengen røper planer som, slik eg ser det, ville sodomisera Stavanger.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.