Smakebit av Håvamål i stilig nytt språk
Kristin Fridtun syner solid norrønfilologisk kunnskap og fin fingerspisskjensle for omsetjing.
Kristin Fridtun er utdanna filolog, forfattar på heiltid og fast skribent i Dag og Tid.
Foto: Lene Sørøy Neverdal
Sakprosa
Kristin Fridtun:
Klok kvinne eller digg dame? Eit stridsskrift om kjønn og Håvamål-omsetjing
Samlaget
Håvamål, «den høges tale», er eit av gudedikta i Den eldre Edda som mange av oss kjenner frå skulegangen. I strofene 96 til 102 er ein episode med Odin som oppsøkjer Billings møy i elskhug. Han vil ha henne, men han vert lurt. Han kom over henne medan ho sov, «solkvit på senga» (Fridtuns omsetjing 2023), ho bad han komme att «i kveld».
Men då Odin kom att, var heile hæren vaken, «fakler var tent og tømmer stabla, jeg fikk inga lett løype». Neste gongen han kom, på morgonkvisten, låg ei bikkje bunden på senga. «Det kom bare spott fra den kloke kvinna, jeg fikk ingenting annet av den dama», seier Odin til slutt, i Fridtuns nye omsetjing av desse sju strofene, ei av få omsetjingar som gjev att ordet klok om Billings møy begge stadene det er nytta i den norrøne teksten. I ein fyldig faghistorisk og språkleg utgreiande tekst om Håvamål og omsetjingane av det, fokuserer boka på desse strofene.
Solid kunnskap
Kristin Fridtun gjev oss eit grundig innblikk i dei ulike omsyna som kan vere med på å styre vala av moderne uttrykksmåtar for dei gamle strofene. Kor tungt skal plasseringa av rimet vege, til dømes?
I 2023-omsetjinga si av strofe 96–102 frigjer Fridtun seg noko frå rimet, og på godt grunnlag, tykkjer eg. Det er svært flott gjort. Også 2017-versjonen hennar, som er sett opp ved sida av, er god og presis.
Som omsetjarar gjer vi uunngåeleg tolkingar og språklege val. Ein må freiste å sjå sin eigen ståstad med dei vurderingar, tolkingar og perspektiv på teksten det inneber. I Klok kvinne eller digg dame? har Fridtun valt eit kjønnsperspektiv på Håvamål og omsetjingane av diktet. Det er eit personleg vinkla hovudtema der forfattaren set opp ‘mannleg’ og ‘kvinneleg’ nokså sterkt polarisert som motsetnader.
«Guttastemning»?
Innbaud diktet til «guttastemning» hjå mannlege omsetjarar, som såg føre seg Billings møy som ei «digg dame»? Svært få kvinner har omsett Håvamål til skandinaviske språk, syner Fridtun si oppteljing. (s. 31 f). Som ho skriv, er dette ikkje uventande i den eldre tida. Ho undrar seg meir over at så få kvinner har omsett diktet i nyare tid, og diskuterer kva som kan liggje bak dette.
Men er det heilt uproblematisk og fruktbart å knyte fagleg perspektiv og omsetjarblikk til kjønn sopass sterkt som forfattaren gjer? Eg spør meg kor homogen flokk dei ‘mannlege’ omsetjarane av Håvamål eigentleg er og var.
Eg deler Fridtuns glede over Carolyne Larrington, som gjer noko få har gjort, nemleg å prøve å forstå Billings jente, kvifor ho handlar som ho gjer i diktet (s. 118). Likevel trur eg ikkje det vert stor strid om Håvamål og kjønn i dag.
Framover ønskjer Fridtun eit større mangfald av omsetjingar av Håvamål, eit ønske eg deler. Eg vonar heile diktet snart kjem ut i Fridtuns omsetjing. Ho viser kor språkleg moderne ein kan gjere Håvamål utan å tape nærleiken til den norrøne teksten i meiningsinnhaldet.
Rune Kyrkjebø
Rune Kyrkjebø er norrønfilolog og førstebibliotekar ved Universitetsbiblioteket i Bergen.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Nicolai Heiberg-Evenstad og Markus Lund er yngre enn fedrane sine, men likevel gode.
Foto: Norsk bridgeforbund
«Bridge er så vanedannande og tidkrevjande at det kan gå på kostnad av både studium, arbeid, kjærleiksliv, eigne born, barneborn og liknande.»
Reisande på Gardermoen i juni i år. Oslo lufthamn er i særklasse den mest lønsame flyplassen Avinor driv. Dei aller fleste norske flyplassane går med underskot.
Foto: Javad Parsa / NTB
Avinor-krisa tok ikkje slutt da pandemitiltaka gjorde det. Kan det vere styringsmodellen det er noko gale med?
Cissy Houston
Wikimedia Commons
Arkivet: Emily «Cissy» Houston (1933–2024)
Berlin: Med bandet kring seg står Bob Dylan ved flygelet og spelar munnspel.
Foto: Håvard Rem
Som å lesa ei bok
Dylan (83) vert eldre, men skriv og syng betre.
Teikning: May Linn Clement