Små menn med lange skuggar
Mario Vargas Llosa si skriveklo er like kvass som før.
Mario Vargas Llosa fekk Nobelprisen i litteratur i 2010.
Foto: Ulla Montan
Roman
Mario VargaS Llosa:
Ulvetid
Omsett av Christian Rugstad
Gyldendal
Mario Vargas Llosa fekk Nobelprisen i litteratur i 2010 «for sin kartografi av maktstrukturer og sine bitende bilder av den enkeltes motstand, opprør og nederlag». Han var 76 år, og ein kunne tru at han ville trekkje seg tilbake som forfattar, men han skriv framleis storslegne romanar, godt inn i 80-åra, og den siste romanen hans kom på spansk i 2019. Ulvetid er den norske tittelen. Dermed finst 19 av romanane hans på norsk. Av latinamerikanske forfattarar er det berre Isabel Allende og Gabriel García Márquez (1927–2014) som kan vise til noko liknande.
Satire og kritikk
Mario Vargas Llosa har heile vegen veksla mellom samfunnssatire og skarp samfunnskritikk, gjerne basert på historisk materiale eller personlege erfaringar. Han utforskar ofte den sosiale utopien i kollisjon med ein brutal røyndom, det vere seg i heimlandet Peru eller andre stader i det spanskspråklege Amerika, som Brasil, Den dominikanske republikken eller Guatemala, der handlinga og konflikten i Ulvetid utspeler seg på 1950-talet, etter at den folkevalde presidenten Jacobo Árbenz (1913–1971) innførte ei jordreform som fekk det til å svartne for godseigarklassen og for United Fruit.
I tillegg innførte han skattlegging av United Fruit og opna for fagorganisasjonar. Dermed gjekk alarmen i Washington, og heile apparatet med kampanjejournalistikk og fake news, infiltrasjon, trugsmål og invasjonsplanar med nyttige idiotar og marionettar blei tatt i bruk for å fjerne Árbenz under det kyniske mottoet «splitt og hersk», slik USA alltid har gått fram i Mellom-Amerika.
Verkelege personar
Aktørane i dette dramaet er verkelege personar, og Vargas Llosa legg ikkje fingrane imellom når han dokumenterer korleis små menneske med stor makt blir livsfarlege for dei som måtte meine noko anna enn dei paranoide kommunistjegerane i Washington under leiinga av Joseph McCarthy og ulike stråmenn i Mellom-Amerika.
Det er reine karakterdrapet på CIA-agenten og ambassadøren John Peurifoy (1907–1955), og betre er det ikkje med Johnny Abbes García (1924–1967), den perverse torturisten og bøddelen i teneste hos Rafael Trujillo (1891–1961) i Den dominikanske republikken og seinare sjef for dødsskvadronane til Papa Doc (1907–1971) i Haiti. Abbes García er også portrettert i Bukkefesten, på norsk i 2003.
Den nye presidenten i Guatemala etter at Árbenz har trekt seg og dratt i eksil i juni 1954, slepp heller ikkje unna. Den middelmåtige obersten Carlos Castillo Armas (1914–1957) har ikkje dei kvalitetane USA ønsker, og han blir likvidert i eit CIA-styrt attentat i juli 1957. Utanriksminister John Foster Dulles (1881–1959) og broren, CIA-sjef Allan Dulles (1893–1969), får også så hatten passar.
Usminka realisme
I slike store drama finst det ofte ei femme fatale, og denne rolla speler Marta Borrero Parra (1934–) med kallenamnet Miss Guatemala. Ho vil opp og fram, og etter kvart endar ho opp som elskarinna til president Armas, samtidig som ho blir brukt av CIA. Det er ikkje utenkjeleg at ho hadde ein finger med i planlegginga og gjennomføringa av drapet på Armas. I alle fall flyktar ho frå landet og får amerikansk statsborgarskap, og i ein sluttsekvens blir ho intervjua av Vargas Llosa, men ho minnest sjølvsagt ikkje stort av alt ho veit.
Mario Vargas Llosa er sentral i den latinamerikanske boomen og den magiske realismen tilbake i førre hundreåret, men han kan også skrive usminka realisme, slik han gjer det i Ulvetid. Her vekslar han mellom dokumentarisk framstilling og fiksjon i ei kryssklipping av ulike tidsplan og ulike hendingar som i fortsettinga kastar Guatemala og heile Mellom-Amerika ut i politisk og sosialt kaos med tallause militærkupp, politiske drap, borgarkrigar og store sivile lidingar, alt saman eit resultat av at sosiale reformer under president Árbenz blir stempla som kommunisme og russisk infiltrasjon.
Ulvetid er ein eineståande leksjon i historie, skriven med stort overskot, med psykologisk teft og djup innsikt i dei kreftene som formar eller øydelegg eit samfunn.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ulvetid er ein eineståande leksjon i historie.
Fleire artiklar
Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.
Foto: Wildside
Roma – ein lukka by
Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.
Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Ja til skule, nei til studentfabrikk
Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.
Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.
Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB
Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger
Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.
Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.
Foto: Andreas Roksvåg
Syltynt
E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.