Slik levde dei då
Vaage skriv med djup innsikt i menneskesinnet.
Lars Amund Vaage har fått fleire litterære prisar, og bøkene hans er omsette til fleire språk.
Foto: Hans Jørgen Brun
Roman
Lars Amund Vaage:
Mjølketid
Forlaget Oktober
Somme vil helst vera åleine med tankane sine, andre deler dei tidt på tomannshand, men nokre få har det slik at dei blømer best i forsamlingar. Til den siste kategorien høyrer Gabriel Hauge, den viktigaste bipersonen i romanen Mjølketid av Lars Amund Vaage. Hovudpersonen i denne romanen er kona til Gabriel, Clara, som litt om kvarandre minnest nær og fjern fortid med og utan Gabriel.
Clara tenkjer som det gamle mennesket ho er, men stundom også som den unge jenta ho var, og alt er truverdig, her er det fjerne skildra utan anakronismar, heile teksten verkar røynleg, noko som truleg kjem av at forfattaren har eit faktisk fundament for romanen, og dette fundamentet må vera livet til diktaren, småbrukaren og folketalaren Ragnvald Vaage, og kona hans, Dorothea, som til liks med Clara i romanen var dotter til ein bergensk lærar og klokkar.
Fjøsstell
Om eg no har fått genealogien rett, eller proveniensen, som Kåre Willoch ville ha sagt, var Ragnvald Vaage bestefar til Lars Amund Vaage. Men å kjenna til dette er ikkje avgjerande for opplevinga av boka. Forfattaren legg seg tett på Clara, og ved å halda seg der skriv han fram ei sterk og interessant, men samstundes alminneleg soge med fascinerande vitnemål frå ei tid som ikkje er fjern, rekna i år, men langt borte om ein reknar i kår.
Skildringa av arbeidet på ein liten vestlandsgard er mellom det aller beste i denne romanen, og særleg gjeld det fjøsstellet. Fjøsstell var kvinnearbeid, og enno lever det vel att nokre som hugsar det slik Vaage skriv i denne boka, der han mellom anna stiller spørsmål om kvifor dette tunge strevet vart rekna for noko kvinnene skulle ha ansvaret for.
Vaage stoggar ofte opp ved fenomen som kjem fram i teksten, alt lyt sjåast grundig på, tidt ved at talerøyret Clara stiller seg spørsmål ved slikt ho kanskje ikkje grunda så nøye over før, og alt er skrive med djup innsikt i menneskesinnet.
Verdien i det vesle
Romanen skildrar det rurale Vestlandet frå like før første verdskrigen og fram til ca. 1970, med framvekst av målrørsle og frilyndte ungdomslag, og gryande byrgskap på bygda. Gabriel er ein måteleg god gardbrukar, men ein framifrå talar, andsynes ei forsamling vert han talefør, medan han heime er tagal. Ja, det høver vel betre å uttrykkja seg med slagord og aforismar på talarstolen enn ved frukostbordet.
Det kvardagslege inspirerer han ikkje, men samstundes er det just det han talar om, verdien i det vesle, styrken i det heimlege målet, han reiser frå gardsslitet for å halda tale om kor verdfullt det same slitet er, men heime, i strevet, er han visst tom for ord. Om han sjølv ser det paradoksale i dette, veit me ikkje, men kanskje det er ei årsak til at det er så lite låt i han heime.
Ein gong har Gabriel hatt eit eventyr med Brita, ei kvinne som syner seg å vera av reisande folk, eller fant, som ein sa. Clara går inn i det som vert kalla fanteforeningen, Norsk misjon blant hjemløse, men seinare i livet er ho uviss på om ho hamna der berre av nestekjærleik, eller om det låg eitkvart anna attom.
Personane i boka er med andre ord samansette, ein vert ikkje heilt ferdig med dei. Det gjer dei levande og relevante for lesaren, i ein rik roman utan lesarflørt og frieri, der forfattaren skriv slik den fiktive diktaren Johannes Suleskar presenterer sin eigen poetikk på s. 160. Men det lyt du finna fram til sjølv!
Odd W. Surén
Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Personane i boka er med andre ord samansette, i ein rik roman utan lesarflørt og frieri.
Fleire artiklar
Fargerikt om tolsemd
Me får garantert høyra meir til komponisten Eilertsen.
Birger Emanuelsen har skrive både romanar, essay og sakprosa etter debuten i 2012.
Foto: Christopher Helberg
Endringar til godt og vondt
Birger Emanuelsen skriv om folk slik at ein trur på det.
Me drog til månen av di det var teknologisk mogleg. Eit strålande døme på det teknologiske imperativet. Her vandrar astronaut Buzz Aldrin frå Apollo 11 rundt og les sjekklista si på venstre arm på ekte ingeniørvis.
Kjelde: Nasa
Teknologisk imperativ!
«Birkebeinerne på ski over fjellet med kongsbarnet».
Foto: Morten Henden Aamot
Eit ikonisk stykke kunst er kome heim
Medan gode krefter arbeider for å etablere eit museum for kunstnarbrørne Bergslien på Voss, har den lokale sparebanken sikra seg ein originalversjon av eit hovudverk av målaren Knud Bergslien.
Frå rettsoppgjeret i Trondheim etter krigen. Henry Rinnan på veg inn i tinghuset i Trondheim 30. april 1946.
Foto: NTB
Rett i fella
Nikolaj Frobenius tar seg altfor godt til rette i kjeldematerialet. Rinnan-romanen hans er både problematisk og uinteressant.