Skuggen av mennesket
Med djup innsikt skildrar Bror Hagemann eit menneske på randa av samanbrot.
Bror Hagemann har gjeve ut ei rekkje romanar sidan debuten i 1985.
Foto: Paal Audestad
Roman
Bror Hagemann:
Ved elva
Tiden Norsk Forlag
Det er ikkje godt å vita korleis ein kjem til å reagera når noko svært dramatisk brått skjer. På film og i litteratur ser ein ofte sjablongmessige reaksjonar, dikta opp av slike som berre har opplevd stor dramatikk på film eller i litteratur. Slik er det heldigvis ikkje i den nye romanen til Bror Hagemann. Der møter me Åshild Brekka som ein morgon får politiet på døra med melding om at mannen hennar, presten Per Louis Smedsrud, er funnen død i Akerselva. Reaksjonsmønsteret hennar etter dette er av det uvanlege slaget.
Politibetjenten oppfattar Åshild som avvisande, og når ho etterpå ringjer til kona til ein kamerat av ektemannen, seier ho ingenting om dødsfallet. Seinare syner det seg at også denne kameraten har sett livet til i Akerselva, på same tid som mannen hennar. Ho møter etter kvart på fleire kjenningar, men framleis teier ho om det vesentlege, og gjer det så vanskeleg for seg sjølv at det vert ubehageleg for lesaren, men dette ubehaget er også ein motor i teksten, og ein forstår at den uvanlege handlemåten har samanheng med personlegdomen til Åshild.
Utfordring
Vidare er me mest med Åshild, og får tilgang til tankane hennar. Her får me ganske snart vita at presten hadde eit stort og aukande alkoholproblem, noko han sjølv ikkje var viljug til å innsjå. Åshild kastar seg uti noko som mest av alt liknar flukt, men det er som om ho har mannen sin med seg, ho er i ein indre dialog med han, og litt etter litt kjem det fram viktige detaljar både frå samlivet mellom dei to og frå livet hennar før dei kom i lag.
Mora var sytten då Åshild kom til verda, og ute av stand til å ta seg av dottera. Me får vita at denne mora, Kajsa, var ei uroleg sjel som ikkje kunne halda fast på noko, og som tok livet av seg då Åshild var tolv. Ordet sjølvskading kjem så vidt til syne ein stad i bakgrunnen av alt, og det høver med reaksjonen til Åshild. Men når ho gjer det unaudsynt vanskeleg for seg sjølv, representerer ho også ei utfordring for forfattaren, og det er just ved denne utfordringa at den litterære verdien av romanen aukar.
Truverd
Skuggen av mora fell over Åshild, og skuggen av andre menneske, slik me også ser Per Louis i skuggen av far sin, det er eitkvart mørkt ein ikkje vert ferdig med. Mennesket plagar seg sjølv aller mest med slikt ein ikkje rår med, mellom anna av di det høyrer til i fortida, og den når me ikkje til. Tida eksisterer for at ikkje alt skal skje på ein gong, meinte Einstein, medan andre har trudd at tida lækjer alle sår. Det gjer ho nok ikkje innanfor eit menneskeliv, men om eit par tusen år får me tru at det meste av det du plagar deg med, har gått i gløymeboka, den tjukkaste av alle bøker.
Når Åshild etter kvart vert truverdig for lesaren, er det ikkje av di forfattaren skildrar ho ferdig for oss. Det står att eitkvart ein ikkje kan setja fingeren på. Åshild, som nok er i eit slags sjokk, og til dels på randa av samanbrot, innser på eit vis at ho har skuldkjensle, av di det har gått nedover både med mannen og med samlivet, og at dødsfallet såleis vart ein utveg, ei morbid løysing på eit problem verre enn døden. Men erkjenninga av at ho tenkjer slik, er kostbar for Åshild.
Det er ein god roman Bror Hagemann her har skrive, eit bidrag til antigløymeboka, hugseboka eller soga om mennesket på innsida og i skuggen av seg sjølv og andre.
Odd W. Surén
Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Johanna Reine-Nilsen er songar, musikar og låtskrivar.
Foto:
Blå sirkel
Johanna Reine-Nilsen platedebuterer med eit sterkt album.
Etter nokre år er det ikkje like heitt mellom Maria (Helga Guren) og Sigmund (Oddgeir Thune).
Foto: Filmweb.no
Sinnemeisterleg
Regissør og manusforfattar Lilja Ingolfsdottir står for den mest klaustrofobiske filmen på lange tider – og ein av dei beste.
Erlend Viken har med seg Marius Graff (t.v.) og Sondre Meisfjord i trioen.
Pressefoto
Urban Viken
Erlend Viken Trio med gjester byr på kreativitet.
Carl Reinecke (1824–1910) var Edvard Griegs lærar i Leipzig.
Nordisk tone
Carl Reineckes symfoni Håkon Jarl har kraftfull patos.
Skodespelar Svein Tindberg flettar saman eigne barndomserfaringar med 4000 år gamle forteljingar frå Bibelen.
Foto: Marcel Leliënhof
Høgaktuelle forteljingar frå Midtausten
Trur vi Bibelen er ei utdatert bok, tek vi feil. Svein Tindberg syner korleis gamle jødisk-kristne soger talar til vår eksistens no når bombene fell mellom folkeslag.