JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Skrantande relasjonar, omsynslaus tid

Thomas J.R. Marthinsen skriv med djup innsikt i menneskesinnet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Thomas J.R. Marthinsen (f. 1984) er oppvaksen i Sandefjord. Han er utdanna journalist og har gått på Forfattarstudiet i Bø. Han er busett i Fåborg i Danmark.

Foto: Stine Raastad

3636
20230804
3636
20230804

Forteljingar

Thomas J.R. Marthinsen:

Vi

Solum Bokvennen

Tida tek ikkje omsyn, som me veit, ho stoggar ikkje ved dei gode stundene, men skundar heller ikkje på i dei vonde. Minnet er ein mikstur av konstruksjon og fakta, ein held ikkje fast ved noko. «Evig eies kun det tapte», heiter det hjå Ibsen, eit postulat som vart modifisert slik av den legendariske NRK-produsenten Johnny Bergh (trur eg) då videobanda kom: «Evig eies kun det teipte.»

Hjå Thomas J.R. Marthinsen er det ofte noko sårt over tapt tid, eitkvart har vorte vaska bort i straumen av sekund, dagar og år. Ikkje minst er det slik med mange relasjonar. I korte tekstar som er meir røyndomsfragment enn forteljingar, og oftast i eit ettertenksamt perspektiv, skriv han om ulike folk og deira til dels skrantande relasjonar. Noko som har vore, eller nesten vart eitkvart, kjem til syne i minneglimt. Her er det ein mann som møter ei kvinne som truleg var forelska i han ein gong i tida, eller fleire døme på at nokon ser, eller tenkjer seg at dei ser, ein far som dei ikkje har særleg kontakt med meir, utan at årsaka til det vert presentert.

Røynlege tankar

Så godt som alle i boka, i dei elles ulike tekstane, tenkjer på eit forhold, ein relasjon, eller fleire slike, der ting ikkje er heilt slik dei gjerne vil ha det, men Marthinsen går sjeldan inn på det konkrete, korkje det som har skjedd, i alle høve ikkje i detalj, eller det idealet dei same personane kan hende lengtar etter. Slik vert dei også meir levande for lesaren, det finst ingen fasit for dei, dei ser ikkje ut til å ha ideal, politisk orientering, fastlåste meiningar eller tru, Marthinsen finn stader innanfor slike fenomen, der inne der tankane mest er bilete, men han artikulerer desse tankane svært godt, utan å øydeleggja med kunstferdig språk.

Ein får kjensla av at dette er røynlege tankar, og at hendingane dei syner til, er eitkvart som Marthinsen kjenner, men om det skulle vera rett, må han vera ein mangfaldig person, for her er den tenkjande, den som kjem til uttrykk, like gjerne mann som kvinne, gamal som ung. Samstundes er det slik at mykje av det som vert sagt, tenkt og skrive i denne boka, er tidlaust og eigentleg uavhengig av kjønn og biologi, forfattaren har funne eit generelt uttrykk for det spesielle, utan at personane vert mindre plausible.

Dei gongene han skriv om eitkvart som har ei form for tidsavhengig koloritt, gjer han det lett og sjølvsagt, til dømes når ein person er hjå farmora si og skal sjå på gamle bilete. Farmora har ei mengd med fotoalbum, i ulike fargar, noko som høyrer just hennar generasjon til.

Små gestar

Dei forskjellige personane, som kan vera ein kvinneleg terapeut som har ein mannleg klient, eller ein mann som uventa ser far sin på ein flyplass, prøver å forstå andre ved dei små gestane deira, dei leitar ikkje etter store fakter, slike er som regel lite til å tru. Når einkvan har noko viktig på hjartet, til dømes ei kvinne som bur seg til å fortelja ektemannen at ho har forelska seg i ei anna kvinne, kjem tankane til syne mest ved det dei ikkje seier, ved små rørsler.

Observasjon er oftast for det meste tolking, og særleg observasjon av eit anna menneske. Ein kjenner andre mest på yta, men der kjem stundom noko av det indre til syne, og dette er noko av det Thomas J.R. Marthinsen skriv om i denne boka, som er vellukka og absolutt til ettertanke.

Odd W. Surén

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Mykje av det som vert sagt, tenkt og skrive i denne boka, er tidlaust og eigentleg uavhengig av kjønn og biologi.

Fleire artiklar

I den fyrste talen Keir Starmer heldt framfor Downing Street nr. 10, var han visjonær og energisk som få.

Foto: Toby Melville / Reuters / NTB

Samfunn

Røyster tel, valsystemet avgjer

Ikkje mange fleire britar røysta Labour i Storbritannia i år enn i 2019. Men røystene fordelte seg annleis. Det gav eit maktskifte.

Bernt Hagtvet

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Jubileumsfeiring for Kristenretten på Moster i år.

Foto: Silje Katrine Robinson / NTB

Ordskifte
Eivor Andersen Oftestad

Fordommar på leseglasa

Det finst sjølvsagt nestekjærleik både i andre kulturar enn den kristne og hos folk som «ikkje trur» at mennesket er skapt i Guds bilete.

Gunnar Stubseid.

Gunnar Stubseid.

Foto: Stubseid.no

MinneordSamfunn
Hallvard T. Bjørgum

Gunnar Stubseid

(1948­–2024)

Helene Uri har doktorgrad i språkvitskap og arbeidde i tolv år ved Universitetet i Oslo før ho sa opp for å skrive på heiltid.

Foto: Julie Pike / Gyldendal

LitteraturKultur

Djupdykk i den digitaliserte litteraturen

Er det rett at kvinnelege forfattarar nyttar fleire adjektiv enn mannlege kollegaer? Eller superlativ? Kva med bannord? Kven er «Den norske Hemingway»?

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis