Skjulte krefter
Hagerups mangslunge fantasy har litt for mange innfall.
Simen B. Hagerup er forfattar, gjendiktar og omsetjar.
Foto: Christian Ditsch
Roman
Simen B. Hagerup:
Jordverv
Kolon forlag
«Det einaste som gjer livet mogleg, er ei konstant og utoleleg uvisse: å ikkje vite kva som kjem til å hende», skal Ursula Le Guin ha sagt. Den amerikanske fantasy- og science fiction-forfattaren er høgt elska over heile verda, og eit naturleg førebilete for dei som skriv i desse sjangrane.
Å ikkje vere føreseieleg er ein god regel i all kunst, men samstundes må ei soge ha ein indre logikk som er til å gripe for lesaren. I Jordverv går Hagerup særs langt i å bryte med lesarforventningar. Stundom gjer det plottet i romanen hans meir forvirrande enn lokkande.
Universale krefter
Her er mange fantasy-element å fryde seg over: oppdikta språk og folkeslag, overnaturlege myteliknande skapnader, reiser mot ukjende mål med store farar som må møtast undervegs. Eit anna essensielt element er kampen mellom gode og vonde krefter. Ei viktig kjelde til visdom og magi i dette universet er dei såkalla entelekiane, ei slags universalkraft som finst i alt. Omgrepet er henta frå dei gamle grekarane.
Heltinna er utradisjonell. Tatjana er ei litt sliten kvinne i sekstiåra. Vi får ikkje vite mykje om jordlivet hennar, anna enn at ho har eit mislykka ekteskap bak seg og har mista eit kjært barnebarn. I første scene i boka plumpar ho uti ei myr på ein skogstur. Når ho får drege foten opp av myra, har verda rundt henne skifta form, farge, lukt og smak.
I dette totalt framande universet er ho sjølvsagt til å byrje med ein grønskolling, alt er like underleg og oppsiktsvekkande for henne som for lesaren. Heltinna kjem likevel ganske raskt inn i forholda, godt hjelpt av den sympatiske Simita. Praktisk nok snakkar han eit portugisisk-liknande språk som er fullt ut forståeleg for Tatjana, som har studert nettopp dette språket.
Så langt så godt. Universet er originalt, detaljert og rikt, tidvis morosamt, oftare skremmande. Fantasyforfattarar har ein kjærleik for naturfolk. I Jordverv møter Tatjana fleire ulike klansamfunn som lever tett på naturen, med sin religiøse kultus, sine gleder og sorger. Det ville ikkje vore fantasy om dei ikkje også hadde magi, og eitt eller fleire monster. Her er det ein menneskeetande kjempetiger, Abulek. Det andre og langt farlegare monsteret er, som heltinna, ein innvandrar frå vår eiga jord.
Brot på brot
I tråd med sjangertropane drep Tatjana Abulek, men hos Hagerup gir ikkje dette henne nokon særmerkt posisjon. Utetter i lesinga erfarer lesaren gong på gong at forventningar og lesarkontraktar blir brotne. Etter kvart går fascinasjonen over i irritasjon over alle innfalla som verkar meir eller mindre tilfeldige – kanskje særleg fordi så lite skjer med kjenslene til Tatjana undervegs.
Dei mest grufulle opplevingar etterlèt henne fullstendig urørt. Då blir også lesaren mindre gripen. Mot slutten får forteljinga retning att, men det lange midtpartiet som er prega av uforståeleg og bestialsk vald, er vanskeleg for lesaren å gripe, enn seie like.
Likevel: Ein fantasyroman er ein like sjeldan som kjærkomen fugl i det norske litterære landskapet, og romanen har kvalitetar nok til at eg kjem til å følgje med på reisa. Visstnok er romanen den første i ein romanserie. Kvifor har ikkje forlaget merkt boka med dette? Det ville gjere lesaren meir tolerant overfor alle innfalla undervegs som no blir hengande i lufta.
Hilde Vesaas
Hilde Vesaas er lektor, forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ein fantasyroman er ein like sjeldan som kjærkomen fugl i det norske litterære land-
skapet.
Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?
Teikning: May Linn Clement
17. mai-pengar
«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.