JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Skjørt og poetisk

Grete Fatima Syéd greier ikkje heilt å lande den skjønnlitterære debuten sin.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Grethe Fatima Syéd har skrive ei historie om ei mor og ein son.

Foto: Paal Hoff

3144
20210219
3144
20210219

Roman

Eventyr for voksne

Solum Bokvennen 2020

Grete Fatima Syéd debuterer skjønnlitterært med Eventyr for voksne, lansert som sjangeren roman utan å ha dei tradisjonelle kjenneteikna som ytre handling, miljøskildring og personteikning innanfor ei ramme av tid og stad. I staden nærmar ho seg det prosalyriske i ei fragmentarisk og springande historie som synest å handle om ein gut som ventar på at mora skal komme heim frå jobb, frå korøving eller kor ho måtte vere.

Persongalleriet er lite og utydeleg, men vi får høyre om mora og ein mann som får bu i husværet utan at mora er kjærast med han. Elles får vi korte glimt av Eva-Lisa, jamgammal med guten og den einaste som har namn. Guten har eit namn som startar med A; meir får vi ikkje vite. Ein mann med berre éin arm er også innanfor synsfeltet til guten.

Fantasi

For det meste er vi inne i husværet saman med guten som står ved vindauget og kikkar ut og tenkjer på slikt ein tiåring vil tenkje på, ikkje pubertalt, meir barnsleg og med ein god porsjon fantasi kring kongar og dronningar, fuglar og dyr. Boka opnar da også som eit eventyr: «Det var en gang// Det var en gang/ at alt begynte/ Alt begynte/ en gang// Og dette/ begynner nå.» Dette fyller dei tre første sidene. Mot slutten dukkar dette opp igjen, nesten identisk: «Det var en gang// En gang/ var det/ Alt var/ en gang.»

Guten liker å sparke fotball, men han har sparka bort ballen sin, og da blir det litt stussleg. Elles liker han seg under dyna med den lommelykta han fekk til jul. Der kan han lese teikneseriehefte og drøyme seg bort. Men om natta er det nokon som går på loftet, og mannen som mora har tatt inn i huset, ligg ein dag livlaus på sofaen med pillebrettet på salongbordet. Men guten gjer ingen ting: «Han sto i vinduet og så.» «Jeg var ti år og sto i vinduet.» Det er same forteljarinstans, men han vekslar mellom eg-form og tredje person. Det er ein måte å distansere seg på, og det er ganske gjennomført.

Krevjande

Det er ein skjør tekst, 100 sider; kanskje 50 dersom ein fylte opp sidene. Men dette luftige oppsettet er kanskje ein del av det ettertenksame som ligg i rare spørsmål som «Kan fugler snuble i luften mens de flyr?» «Fins det fugler som flyr så høyt at de får høydeskrekk?» «Kan fugler spy i luften?» «Hvor sakte kan en fugl fly før den faller ned?»

Eventyr for voksne er ein ganske krevjande tekst fordi det er så sparsamt med opplysningar undervegs. Denne lesaren sit igjen med eit inntrykk av noko ufokusert og uklart i sjølve gjennomføringa – liksom det heile er skrive som ein rebus.

Grete Fatima Syéd er ein framifrå faglitterær forfattar med grundige verk kring forfattarskapane til Olav Duun og Torborg Nedreaas. Før eg starta lesinga, tenkte eg at kanskje finst det ein bit av både Odin og Herdis hos Syéd, men det blir berre perifert gjennom ein generell tematikk kring einsemd og utanforskap.

Oddmund Hagen

Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eventyr for voksne er ein ganske krevjande tekst fordi det er så sparsamt med opplysningar undervegs.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis