Sjølvmordar og skjemtegauk
Etter 65 år er Tor Jonssons Dikt i samling endeleg utvida – med 50 «nye» dikt.
Tor Jonsson i 1950, vel eit halvt år før han døydde i januar 1951.
Foto: NTB
Lyrikk
Tor Jonsson:
Nærast er du når du er borte. Dikt i samling
Samlaget
Nok ei papirutgåve av Tor Jonssons dikt? Ja, ein av dei mørkaste diktarane våre er ein av dei mest folkekjære òg. På dei 70 åra som er gått sidan lyrikaren og journalisten tok livet av seg, 34 år gamal, har Dikt i samling og Dikt i utval kome i uvanleg mange utgåver og opplag. Folkekjær har han vore heilt frå debutsamlinga Mogning i mørkret (1943), som fekk lite merksemd i litterære krinsar, men som selde godt.
Biologisk einsemd
Folk likte dikta, ikkje av di dei var ljose og lette, som dei jo ikkje er, men skrivne i eit enkelt og rakt språk, utan pynt, «ein naken og maskulin stil utan for mykje estetisk utmåling, men beint på sak», som Tore Ørjasæter skreiv i etterordet til den fyrste samleutgåva, «og eit rotsaftig mål har han, som gjev stilen sevje og fruktbar kraft. Hans lyrikk er mandig og samantrengt».
Den stutthogne skalderytmen høvde med klassemedvitet. Fraseringa og ordbruken er like enkel og brutal som husmannskåra han kom frå. Språket er kvardagsleg og moderne, men i ei tradisjonstung og gamal form. Trass i enderima er dikta hans ofte like lite syngjande som eit skaldekvad. At han likevel er så mykje tonesett, kjem av aktualitet, kvalitet og popularitet.
Motiva er ikkje mindre moderne i 2021. Dikta uttrykkjer psykologisk og biologisk einsemd, ulevd liv og daude. Einsam er han òg i den diktarlege tilnærminga til dauden, ikkje som uvilja sjukdom eller aldring, men som eit vilja alternativ til livet.
Dikt i samling kom i 1956, då Jonsson ville ha vore 40 år, og alt i den utgåva var det rom for kronologisk ordna «Lause dikt». Dei fleste av dei skriv seg frå dei siste par åra han levde. Somme av dei låg uprenta att etter han, somme av dei hadde vore prenta i anna form enn i bok.
1956-bandet vart ståande som standardutgåva av Dikt i samling; dei seinare har gjerne vore fotografiske opptrykk. Med 50 «nye» dikt skil 2021-utgåva seg ut som ei radikalt utvida Dikt i samling. Ei fyldigare Jonsson-samling har ikkje kome sidan tobandsutgåva «Tekster i samling» (1973, 1975) med Inger Heiberg som redaktør og Halldis Moren Vesaas som rådgjevar.
Kva er det nye? I tillegg til utval av dikt frå tidlege og seine manuskript som ikkje vart gjevne ut, hyser Nærast er du når du er borte ein del høvesdikt som Jonsson prenta psevdonymt medan han var journalist og redaktør i dei fyrste etterkrigsåra. Den litterære verdien er meir indirekte enn direkte: Dei avromantiserer biletet av den depressive sjølvmordaren som dikta for æva, og syner ein Jonsson like samansett som A.O. Vinje: Den alvorlege poeten er ein gjøglande bladmann òg. «I desse dikta syner skjemtegauken Tor Jonsson seg fram», skriv Rita Mundal i Tor Jonsson-laget i føreordet.
Tor Jonsson-laget
Der det i tidlegare samleutgåver kunne stå på kolofonsida om stønad frå Norsk kulturfond, står det i denne: «Boka er gitt ut med støtte frå Tor Jonsson-laget.» Laget og Samlaget skal ha takk for denne utvida folkeutgåva i gåvebokutstyr.
No vonar eg at laget førebur ei tekstkritisk utgåve av Tor Jonssons dikt, på nett, om mogeleg på papir òg, med dei mange manuskriptvariantane som finst av strofene han har hogge inn i det kollektive minnet vårt.
Ja, gjerne med faksimilar òg. «I senere kladder og utkast blir skriften kraftigere, i mange dikt er rytmen markert med understrekinger», fortel Inger Heiberg om takta Jonsson høyrde medan han som ung skreiv seg inn i dauden og dimed såg livet på uvant vis.
Håvard Rem
Håvard Rem er journalist i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fraseringa og ordbruken er like enkel og brutal som husmannskåra han kom frå.
Fleire artiklar
Foto: Vibeke Ekeland Grønn
«For nokre månader sidan fekk eg eit anonymt tips i posthylla på jobben»
Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.
Foto: Cinemateket
Søte sommarskrømt
Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB