JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Sjarmerande pratsamt

Alejandro Zambra skriv lett, elegant og morosamt om chilensk poesi.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Alejandro Zambra er ein prislønt forfattar.

Foto: Solum Bokvennen

3178
20230630
3178
20230630

Roman

Alejandro Zambra:

Chilensk poet

Omsett av Christian Rugstad
Solum Bokvennen

I løpet av sju år frå 2016 har Solum Bokvennen gitt ut seks titlar av chilenske Alejandro Zambra (f. 1975), og med unntak for årets bok på 407 sider er dei andre langt kortare. Ja, tre av dei når ikkje eingong 100 sider. Men sjølv om sidetalet aukar, minkar ikkje kvaliteten, og Chilensk poet er, så langt eg kan vurdere, det beste han har levert når det gjeld komposisjon, språkleg flyt og eleganse, sjarmerande humor og ein melankolsk understreng som speler på det som blir borte.

På eitt plan kan romanen lesast som ein svært underhaldande og poengtert katalog over chilensk poesi dei siste hundre åra, med namn som Gabriela Mistral (1889–1957) og Pablo Neruda (1904­–1973) i spissen, begge nobelprisvinnarar, men også med ei lang liste av nolevande (eller døde) internasjonalt kjende poetar som går inn i ein chilensk kanon: Pablo de Rokha (1895–1968), Enrique Lihn (1929–1988), Nicanor Parra (1914–2018), Óscar Hahn (f. 1938) og Raúl Zurita (f. 1950).

Også dei unge og ambisiøse er med. For å grunngi dette grepet lar Zambra ein kvinneleg amerikansk journalist, Pru, saman med den pur unge poeten Vicente, reise rundt og intervjue eksentriske, chilenske poetar der fiendskap og vennskap og infame fornærmingar gjer det heile til ein fest å lese.

Men Chilensk poet er meir enn chilenske poetar. Det er også ei rørande kjærleikshistorie om å møtast og skiljast og møtast igjen, gjerne tilfeldig, men med varige spor i sinnet til kvar einskild. Det startar med at Carla og Gonzalo blir tenåringskjærastar som forsvinn for kvarandre, men «en kveld, ni år senere, møttes de på ny», og no blir dei eit par som saman med Carlas son Vicente utgjer ein liten og lukkeleg familie.

Med katten Oscuridad som katalysator knyter Gonzalo tette og rørande band med seksåringen. Han må venne katten av med å ete kattefôr, og når Oscuridad blir sjuk, ofrar Vicente alt han eig for å skaffe pengar til ein operasjon, men akk, i møtet med ein bil er det over og ut med katten. Det heile er skildra med kvardagsnær og sorgmunter poesi, og alle som har hatt kjæledyr, vil kjenne dette stikket i hjartet som ekte kjærleik og stor sorg gir.

Gonzalo skriv dikt og gir ut ei diktsamling, ikkje meir. Samtidig underviser han ved eit universitet, og når han får eit doktorgradstipend for fire år i New York, er forholdet til Carla over. Når han kjem tilbake til Santiago, er både han og Carla for stolte til å ta opp igjen samlivet.

Vicente, derimot, søker seg meir og meir mot den tidlegare stefaren, og etter kvart finn dei kvarandre i den felles interessa for poesi og chilenske poetar, og begge kjenner «at de chilenske dikternes verden er litt tåpelig, men uansett mer ekte, mindre falsk enn det traurige livet til de som godtar reglene og bøyer nakken».

Chilensk poet er ein klok og mangfaldig roman om å leve eit liv i utkanten av det samfunnet Pinochet og høgresida skapte etter det USA-støtta militærkuppet i 1973. Boka er tilrådd på det varmaste.

Oddmund Hagen

Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Piano har vore ei kjelde til musikkglede i mange hundre år. Men kva er musikk? Og kvifor lèt eit veltemperert piano så godt i øyra?

Kjelde: Per Thorvaldsen og DALL-E 3

TeknologiFeature

Musikkteori for tonedauve 

Musikk er matematikk, og kanskje den einaste forma for brøkrekning som kan vekkja andre kjensler enn berre frustrasjon.

Per Thorvaldsen

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

Ordskifte
Anne GunnPettersen

Ein endrar ikkje naturen med talemåtar

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Foto: Kari Anette Austvik / NTB

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

Frå bridgeverda: Svidd utgang

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis