JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Sjarmerande potetentusiasme

Boka om poteten er vakker og solid, med godt handverk i eit hendig format.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Fargerike knollar frå Andesfjella: poteter, oca og ulloco.

Foto: Marianne Berg

5676
20211210

Potetfakta

I Peru er det over 4000 ulike potetsortar.

I Andesfjella kan poteten dyrkast opp til 4200 meter over havet.

Det er registrert omkring 180 ulike artar av villpotetar.

I Europa fekk poteten rykte for å spreie lepra.

I Russland gjekk den ortodokse kyrkja lenge imot at det skulle dyrkast potetar, fordi potetar ikkje var med i Bibelen.

Det blir no utvikla potetsortar som skal kunne brukast på Mars.

Sakprosa

Marianne Berg:

Den fantastiske poteten – en kulturhistorie

Orkana

Å møte ein entusiast personleg kan vere ei blanda oppleving. Høgrøysta, insisterande og blind for alt anna blir entusiasten lett ei plage. Å møte ein entusiast gjennom ei bok er derimot ofte ei positiv oppleving. I beste fall blir vi rivne med av entusiasmen, og vi får både spennande detaljar og eit praktisk og stort overblikk. Det er bøker vi kan vende attende til ved behov og bruke som oppslagsverk. Kva hadde vel sakprosaen vore utan entusiastane, ofte ein sjølvlærd amatør som kan bruke år på å fordjupe seg i eit trongt tema – noko ein statstilsett vitskapsmann sjeldan har høve til.

Marianne Berg, agronom, tidlegare bonde, med ein universitetsgrad i religionshistorie, har teke for seg poteten. Det er eit stort område, og eit kvardagsleg tema mange av oss veit ein del om. Kanskje kjem difor nokre til å gå forbi denne boka, men dei som fyrst tek til å lese, er snart fanga. Entusiasmen er sterk nok til å halde på lesaren.

Boka er delvis lagd opp som ei nyjournalistisk reise med reportasjar, men med solid kunnskapsformidling innimellom. Det er spesielt at det er lagt så stor vekt på opphavet til poteten i Sør-Amerika, og at så mykje av boka blir brukt til å fortelje kva som skjedde og skjer der.

Her kjem dei som steller med potetar til dagleg, og som er i bransjen, også til å finne mykje nytt og interessant stoff. For dei som har kunnskap som tek til å bli noko gammal, er boka også eit godt høve til å bli oppdatert når det gjeld organisering, mattryggleik, sortutvikling og dei ofte vanskelege spørsmåla rundt moderne genmanipulering. Dei som berre har høyrt om pimpernell, beate, asterix og mandelpotet, kjem til å bli overraska. At vår tradisjonelle matpotet har så mange nære slektningar som også kan brukast til mat, er nok også relativt ukjent – og det er slett ikkje berre snakk om søtpotet.

Kom med spanjolar

Berg argumenterer sterkt for at det var spanjolane som tok med seg poteten til Europa, og meiner det er heilt ufortent at sir Francis Drake nokre gonger har fått æra for dette. Det vi veit sikkert, er at kong Filip II hadde fått tak i nokre knollar som han sende til pave Pius IV i Roma i 1565. Og alt i 1584 var planta ålment kjend som taratouffli i Italia.

Førebels kan ingen seie sikkert kvar den fyrste potetåkeren i Europa var, men det kan ha vore på Kanariøyane. Før 1600 vart passert, var poteten også introdusert i Belgia, Frankrike, England og Irland, men fyrst hundre år seinare vart han nemnd her i landet.

Det var Christian Gartner frå det dansk-norske Flensburg, busett i Trondheim, som fyrst skreiv om poteten. I 1694 gav han ut den fyrste norske hageboka Horticultura, og her nemnde han poteten, men han hadde sjølv større tru på jordskokkar, og det er ukjent om han sjølv dyrka potetar. Ifølgje munnleg tradisjon fekk bonden på Karterud gard i Vinger besøk av ein kramkar i 1733, og han hadde med seg potetar som vart sette. Kramkaren var sambygding med potetentusiasten Jonas Alströmer i Alingsås i Sverige. Den fyrste skriftlege kjelda om potetdyrking i Noreg er frå Tromøya i 1757, og faktisk blir tromøypoteten framleis teken vare på i Nordisk genressurssenter etter 260 år.

Så lenge vi får brukbare matpotetar på butikken til ein akseptabel pris, tek nok dei fleste det med fatning at forbruket av potetar har gått mykje attende her i landet, og ser på det som ein naturleg variasjon som følgjer økonomi og motar. Men her blir forfattaren nesten insisterande: Vi blir ikkje tjukke av potetar, men av sausen. Potetar er næringsrikt, og potetar kan hjelpe verda ut av ei matvarekrise. Det gjeld berre at vi tek oss saman og opnar auga, og gjerne tek til å dyrke sjølve. Men kanskje er det vanskelegare å vere potetprest i dag enn på 1700-talet sjølv om også dei, som kjent, hadde mykje å stri med.

Lite tradisjonsstoff

Det som kan innvendast mot boka, er at det er lite norsk tradisjonsstoff når boka blir presentert som ei kulturhistorie. Om vi for eksempel samanliknar med ei tilsvarande svensk bok, Folk och potatis av Gunnar Arnborg som kom i 1996, utgjer tradisjonsstoffet der ein langt større del av boka. Underleg nok er heller ikkje dette solide svenske standardverket med i den elles så fyldige og internasjonale litteraturlista.

I Noreg er gardane små. Difor snakkar vi her i landet om dekar medan ein i dei fleste andre land bruker hektar. Det blir lett uryddig om det blir brukt både hektar og dekar i same boka. I Noreg bør alt landareal presenterast som dekar. Dette er ein del av vår landbruksidentitet.

Reint fysisk er dette ei vakker og solid bok, trykt i Noreg. Her er det godt handverk, eit hendig format, og ikkje noko distraherande typografisk krimskrams på sidene. Ein del av dei spennande bilda kunne sjølvsagt fortent eit større format. Men verda er altfor full av vakre sofabordbøker (coffee table books) som ikkje går inn i bokhylla, og som difor berre blir liggjande og slenge, meir til irritasjon enn til glede.

Gard Espeland

Gard Espeland er pensjonist og omsetjar, og har tidlegare vore redaktør i Dag og Tid og mellom anna journalist i Bondebladet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Vi blir ikkje tjukke av poteta, men av sausen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis