Bok

Sjakk og bruk

Eivind Riise Hauge skriv gjennomtenkte tekstar om menneske i randsoner av røynda.

Publisert

Eit parti sjakk er ein hjernekamp med faste reglar, men uendeleg mange vegar fram mot eitt av tre moglege utfall. Dei fleste tenkjelege parti er rett nok berre søppel, og medan til dømes Magnus Carlsen har memorert nesten alle kjende parti som ikkje er berre visvas, har hovudet til dei fleste av oss automatisk tilgang til alle dei kjende og ukjende som er det. Men sjakk er fascinerande både for ekspert og novise, og for somme, som gjerne vil nå inn til sjakkgudinna Calssas djupaste løyndomar, vert det meir enn berre fascinasjon. Eivind Riise Hauge har skrive ei novellesamling om eit par slike personar, og sjølv om det er ein god del sjakk i desse novellene, er dette skjønnlitterære tekstar som stundom seier lesaren noko generelt om mennesket.

Lånte namn

Dikting er ein aktivitet som har tapt seg i akt og ære dei siste åra, og røyndomslitteraturen har endeleg nådd opp eller ned til Hans Jægers nivå. Og skriv ein ikkje litteratur som heilt tydeleg handlar om forfattaren, er det lurt å ha med nokre andre band til det etterrettelege. Slik er det også hjå Hauge, mellom anna i den første teksten i boka, som handlar om ein aldrande austeuropeisk stormeister som kjem til Bergen for å spela for ein sjakklubb der ein vinter. Meisteren heiter Victor Tukmakov, og folk med litt kjennskap til sjakk tenkjer nok då straks at forfattaren har lånt etternamnet frå den faktiske Vladimir Tukmakov. Kanskje litt færre bit seg merke i førenamnet til storspelaren hjå Hauge. Men det har han nok også lånt, saman med temperamentet, frå verdsmeisteren Viktor Kortsjnoj. På same vis ser ein straks at den tredje novella har nappa til seg nokre namn og eigenskapar frå familien Polgar. Dei aller mest sylkvasse vil truleg også, i denne siste novella, Zsuzsa, kjenna att broren til hovudpersonen Crystek, som ekornmannen i Washington Square Park i New York. Slike små drypp av uturvande fakta gjer teksten meir plausibel, novella får det som ute i verda stundom vert kalla verisimilitude. Hauge er god på dette, stundom briljerer han med denne teknikken, slik at ein nesten trur at personane ein les om, faktisk lever. Men eg er ikkje støtt like overtydd om det verkemiddelet vert nytta til.

Ujamn personteikning

Personteikninga er noko ujamn, og ein kan ikkje alltid godta posisjonen til personane. I nummer to av dei tre novellene, «Halle Gaut», veit Halle det heile, til dømes når han kjenner til detaljane når det gjeld korleis kjenningen/nemesisen Torgny vart til, og det tærer noko på truverdet. Elles er det mest merkverdige med denne novella den enorme skilnaden på det elendige livet Gaut lever, og språket han fører i dei indre monologane sine. Han er ein intellektuell estet utan materielle eller sosiale ambisjonar, og såleis ein interessant litterær figur som eg gjerne vil vita meir om. I det heile er det subjektet, og ikkje objektet, som er mest spennande i denne novellesamlinga, og eg spør meg til dømes om kva som er drivkrafta til mannen frå Bergen i den første teksten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement