Sisyfos’ sko
Vigdis Hjorths siste roman er aktuell, men når ikkje heilt fram.
Vigdis Hjorth skriv på trygg metodisk grunn, skriv meldaren.
Foto: Agnete Brun
Roman
Vigdis Hjorth:
Lærerinnens sang
Cappelen Damm
Det har vore ei glede å følgje utviklinga av Vigdis Hjorths dikting. Stadig sikrare i stil og metode har skaren av lesarar og respekten for forfattarskapen vakse år for år, bok for bok. Vi som har lese henne mykje, har kunna fryde oss over å kjenne att skrivemåten og likevel finne nye og overraskande vinklar og frisk tematikk kvar gong.
Å belyse filosofiske og politiske problem gjennom eit «case», altså eit eksempel vist fram gjennom ei forteljing, er noko diktarar har gjort til alle tider. Kunsten er å gjere det med særpreg og stringens, og ikkje minst så det kjennest relevant for kvar einskild tidsepoke. Dette kan Hjorth, og ho gjer det med eit mot som få andre moderne norske forfattarar gjer henne etter. Romanane hennar har gjerne innslag frå psykoanalyse og draumetyding, dessutan ein drøss med litterære referansar. I Lærerinnens sang er forfattaren på sin eigen trygge metodiske grunn, og tematikken er høgst vesentleg. Likevel maktar likevel ikkje romanen heilt å innfri dei høge forventningane ei ny utgiving frå henne må bli møtt med.
Det gode mennesket
Lotte Bøk er i slutten av femtiåra, ein dedikert dramalærar med Bertold Brecht som spesiale på Kunsthøgskolen i Oslo. Ho lever aleine i eit hus ved Akerselva. Det er ingen store bølgjer i livet hennar, men ho har funne ei form på livet som ho er komfortabel med. Ho står på god fot med kollegar og har eit nært tilhøve til den einaste dottera sjølv om ho bur langt unna. På fritida går ho turar i skogen, plukkar sopp, lagar mat og drikk vin. Dette kan sjølvsagt ikkje vare, her må det skje noko, nokon kjem til å falle. Lottes sjølvkontroll og overskot krakelerer når ein student byrjar å sjå henne med kritisk blikk gjennom eit filmkamera, som del av eit prosjekt på skulen. Motviljug, men også litt smigra, lar høgskolelektoren seg lokke inn i noko ho ikkje kan kjenne rekkjevidda av. Snart utviklar det seg på ein måte som ikkje gagnar Lotte.
Tematikken er like typisk for Hjorth som for Brecht: Korleis handle moralsk godt i ei verd som er brutal og forvirrande, ei verd der det er så mange omsyn å ta, og der vi dessutan må passe på oss sjølve når ingen andre gjer det? Dessutan: Kva er dei eigentlege motiva våre for å handle moralsk rett? Dei psykologiske spørsmåla kjenner vi òg att. Det handlar om korleis ein ser seg sjølv, og korleis sjølvbiletet er nådelaust bunde saman med korleis andre ser ein, og endå meir med korleis ein trur og fryktar andre oppfattar ein. Det handlar ganske mykje om skam. Og det handlar om språk.
Karakteren Lotte Bøk og framstillinga av henne er også typisk «hjorthsk». Lotte har tydelege tragikomiske trekk, og forteljarinstansen i teksten står bak ryggen hennar og flirer litt. Vi flirer med og skjønar at det i grunnen er oss sjølve vi ler av, men at vi kanskje heller burde gråte.
Pressa lærestykke
Også i Lærerinnens sang er tematikken relevant, språket leikent og originalt. Ironien bit også, men er innimellom litt for opplagd. Det slår meg at alt saman har Hjorth sjølv gjort betre i andre bøker. Meir og meir fortvilt fôrar Lotte studentane sine med Brecht, utan at dei blir meir engasjerte eller kloke. Også vi som les, føler at lærestykket i romanen blir pressa på oss, all parafraseringa av dramatikken til den store tyskaren grip oss ikkje tilstrekkeleg.
Lotte tar ein tur vekk frå alt, men det blir uklart kva ho eigentleg reiser til. All sjølvrefleksjonen hennar går etter kvart på tomgang, og vi kjem vi ikkje nærmare kjernen. Kva ho skal seie oss, blir ikkje løfta ut av kritringen. Når den siste delen av boka sklir ut i det absurde, heng vi ikkje heilt med.
Trass i mange kvalitetar saknar eg noko meir «fryd og fare» i denne siste romanen frå den flinke og kloke Vigdis Hjorth.
Hilde Vesaas
Hilde Vesaas er lektor, forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Også i Lærerinnens sang er tematikken relevant, språket leikent og originalt.
Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?