Bok
Sex, løgner og kategorisk analyse
Anne Oterholm gjev eit truverdig innsyn bak det sosiale filteret hjå den sjølvgode.
Anne Oterholm set seg inn i livet til ein 24 år gammal mann.
Foto: Pernille Marie Walvik
Sanninga er god der ho er nyttig, men det vonde er ikkje naudsynt av di det er sant, og denne erkjenninga er ei naudsynt sanning for dei som vil gjera godt for andre, og ikkje berre for seg sjølv. Ein skånsam løgnar er tidt ein god kamerat.
Subtil løgnar
Anne Oterholm har skrive ein interessant roman om ein løgnar i ein subtil kategori, den 24 år gamle Oliver som arva nokre pengar etter mor si for ei tid sidan, og som utan planlegging har tatt ein tur til Frankrike. Der møter han Lucy, og snart får me sjå korleis han har det med løgn og sanning.
Oliver lyg utan nokon tydeleg grunn. Rett nok kan det vera smart å hevda at ei viss Emma Sofie, som sender han meldingar i eino frå Noreg, er ho mor der heime, slik at Lucy ikkje får nokon mistanke om at Oliver kanskje har ein kjærast, men Oliver har ikkje særleg varme tankar om Emma Sofie – eigentleg har han dumpa henne, ho veit berre ikkje om det.
Eg opplever Oliver som ein temmeleg kald og kynisk person, utan sterke kjensler, og når løgnene hans vekkjer slike hjå andre, observerer han det berre, utan nokon tydeleg emosjonell reaksjon. Sjølv sex ser ut til å vera rein mekanikk for Oliver, som å pussa tennene eller snøra skor.
Dristig
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.